Valde å ta master i Lisboa og Paris

Etter å ha studert energiteknologi ved ingeniørutdanninga i Bergen var Hans-Kristian Ringkjøb klar for nye utfordringar. Han drog til Sør-Europa og tok master i fornybar energi både i Lisboa og Paris.

Kva var grunnen til at du valde å ta master i utlandet?

– Eg hadde lenge hatt lyst til å studere i utlandet, og såg på masterutdanninga som eit gunstig tidspunkt å reise ut på. I tillegg var denne mastergrada svært tiltrekkande, både med tanke på nivået på utdanninga, men også fordi eg fekk studera i fleire europeiske byar.

Kva var motivasjonen din for å ta ein master. Var det den vanskelege jobbmarknaden?

– Eg ville læra meir om fornybar energi, og fordjupa meg innan ulike energikjelder. Dette tenkte eg også ville auka sjansane mine for å få ein jobb innan fornybarbransjen i framtida.

Ville lære meir om fornybar energi

Hans-Kristian starta på ein europeisk mastergrad i fornybar energi(Master's in Renewable Energy). Masteren er organisert av det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi gjennom EU si satsing på fornybar energi, og er ein dobbelgrad ved to forskjellige universitet i Europa.

– Det første året studerte eg ved Instituto Superior Tecnico i Lisboa, og det andre ved École Polytechnique i Paris. Eg fekk også vera med på både vinter- og sommarskule ved ESADE Business & Law School i Barcelona, der eg lærte om entreprenørskap og innovasjon innan fornybar energi.

Det siste halvåret av masteren skreiv han masteroppgåve ved Laboratoire de Météorologie Dynamique i Paris. I oppgåva såg han på modellering av langsiktig variabilitet for vindressursen i Frankrike, og korleis den kan føreseiast.

Ny fagkunnskap og vener frå heile verda

Kva lærte du av å ta masteren i utlandet?

– For det første fekk eg ei solid fagleg utdanning med ei grundig teknisk forståing av ulike energikjelder. Opphaldet har også gitt meg auka språkleg kompetanse, og eg har fått fleire nye vener frå heile verda.

Kva fordelar har utanlandsopphaldet gitt deg i det du jobbar med no?

– Gjennom masterutdanninga var det heile tida eit fokus på ei heilskapleg forståing i tillegg til grundig teknisk kompetanse. Fag innan energimarknadar, økonomi og energisystem har vore svært nyttige no når eg jobbar med heile energisystemet. I tillegg vart eg mykje flinkare i engelsk, noko eg får nytte for kvar dag.

Doktorgrad på framtidas energikjelder

Kva jobbar du med akkurat no?

– No tar eg ei doktorgrad innan fornybar energi ved Universitet i Bergen. Akkurat no jobbar eg med ein studie av den europeiske kraftsektoren, der eg skal modellere korleis den kan bestå av 100 % fornybar kraft i 2050.

Målet med doktorgraden er å sjå på korleis ein kan leggja til rette for store mengder variable fornybare energikjelder i eit framtidig europeisk karbonfritt samfunn. Hans-Kristian skal sjå på integrasjon av sol, vind og vatn i energisystemet, og dei tekniske mogelegheitene og utfordringane det fører med seg.

Kan du anbefale andre å gjere det same som deg?

– Absolutt, seier Hans-Kristian Ringkjøb.