
Topptrent for forskingsformidling på fire minutt
Fysioterapeut og stipendiat Kiri Lovise Njøten kastar seg ut i nye utfordringar når ho konkurrerer om å bli årets beste forskingsformidlar i Forsker Grand Prix.
Ein stor del av dei som har hatt covid-19, opplever seinplager som utmatting, tungpust og redusert fysisk kapasitet. Mange er så hardt ramma at dei ikkje lenger klarer å jobbe eller studere. Men kan ei ny behandlingsform gi håp for personar med long Covid?
Dette spørsmålet er det stipendiat Kiri Lovise Njøten prøver å finne svar på i doktorgradarbeidet sitt.
Onsdag 17. september står ho på scena i Mimes brønn ved HVL Bergen under Forsker Grand Prix. Der får ho fire minutt på å presentere forskinga si på ein måte som engasjerer og fangar merksemd. Går ho vidare til superfinalen, får ho enno fire minutt til å overbevise publikum og dommarar.
Komfortsona blir utfordra
I fjor var Kiri Lovise publikum i salen for å heie på HVL-kandiat Eirinn Hesvik Ljones. Dette inspirerte henne til sende inn søknad til årets konkurranse.
– Det var rett og slett så kjekt at eg ville forsøke sjølv! I tillegg har eg berre høyrt positive erfaringar frå andre som har delteke tidlegare.
Totalt er det ti stipendiatar frå ulike institusjonar som konkurrerer om den gjeve tittelen. Kiri Lovise fortel at dei har hatt fire samlingar der dei har jobba saman som gruppe og individuelt. Dei har fått opplæring av scenecoach og individuell coaching på manus.
– Den største utfordringa så langt har vore å klare formidle heile forkingsprosjektet på 4+4 minutt på ein spennande måte. I tillegg har vi blitt utfordra på det eg kallar improteater - som er eit stykke utanfor komfortsona mi!
Lærdom for livet
Det kjekkaste synest ho har vore å få opplæring i korleis ho kan presentere på ein måte som gjer forskinga både forståeleg og engasjerande for dei som høyrer på. Denne lærdommen og erfaringa vil ho ta med meg i all form for presentasjon framover.
– Eg har fått konkrete råd om kva eg bør tenke på og forbetre, og det har vore veldig nyttig. I tillegg er det utruleg inspirerande å vere ein del av denne gjengen som skal stå på scena saman 17. september, smiler ho.
Vi ønskjer Kiri Lovise og resten av årets kandidatar lukke til!
Vil du vere publikum? Bestill billett her.