Treng du å bruke drone? Ta kontakt med HVL Dronegruppe!

Drone kan være nyttige både i studentoppgåver og for å dokumentere ulike prosjektarbeid. Kontakt HVL Dronegruppe og få hjelp til å bruke drone i ulike samanhengar. På læringslabben på din campus kan du låne drone med pilot!

Bruken av drone aukar, både ved HVL og i samfunnet elles, men mange er ikkje klare over kva reglar som gjeld ved bruken av dei, eller at ein no må ha sertifikat og forsikring for å bruke dei. Reglane for «alle operasjonar innan open kategori» handlar mellom anna om at drone, om han veier 250 gram eller opp til 25 kilo, berre kan fly maksimalt 120 meter høgde over bakken eller vatnet, at det skal ikkje flygast over folkemengd, at det skal ikkje fraktast farleg gods og ikkje sleppast noko frakt under flyginga. Det skal heller ikkje flygast i nærheita av nokre lufthamner eller område med viktig/sårbar infrastruktur. Det sistnemnte har fått eit ekstra fokus det siste året med mange drone-observasjonar i norsk luftrom, i kjølvatnet av krigen i Ukraina. 

Ei rekke fagmiljø i Dronegruppa

Det er ikkje uvanleg at studentar får tilgang til drone gjennom eksterne oppdragsgivarar eller at institutt eller fagmiljø kjøper inn utstyr og flyr på eigenhand, men det ønskjer HVL å unngå at skjer i framtida. Derfor vart det etablert ei eigen dronegruppe i 2018 som skulle opparbeide kompetanse i HVL og i første rekke hjelpe fagmiljøa til å ta i bruk drone i ulike faglege samanhengar. Ei rekke fagmiljø deltek no i dronegruppa, som har spisskompetanse og godt erfarne pilotar. Til samen betener dronegruppa 14 ulike dronar, frå nette små foto-dronar  til større og meir avanserte dronar som brukas til blant annet oppmåling, inspeksjon og mykje meir.

Bildet viser tre menn på toppen av en høyde utendørs. De kikker opp i luften på en drone. Ferdigheitstrening på Sotra: frå venstre Yngve Thodesen, Ole Fartein Knutson og Henning Klafstad.

- HVL har berre ein operatørlisens og heile organisasjonen er underlagt denne. For dei fagmiljøa som ikkje har eigne drone og pilotar, kan Læringslabbane hjelpe tilsette og studentar med å gjennomføre enkle flygeoppdrag, anten det gjeld datainnsamling, dokumentasjon (klassisk luftfoto) eller anna. Vi liker også å bli utfordra på nye oppdrag, seier Øyvind Fosse ved Medielab, som også er operativ leder for dronegruppa.

Utlån av drone og pilot 

Han legg til at læringslabbane tilbyr både utlån av drone og pilot. I tillegg tilbyr dei eigne kurs for dei studentgruppene som treng meir kunnskap for å kunne planlegge bruk av drone i eksempelvis bachelor og masteroppgåver. Målet med desse kursa er å auke bevisstgjeringa rundt regelverk og sikkerheit, men også vise studentane moglegheitene som finst ved å bruke drone som nytteverktøy i eksempelvis industrien.

Sjå også video av korleis HVL jobbar med drone:

Eigne kurs

På institutt for byggfag får alle studentar allereie tilbod om introduksjonskurs, med fokus på regelverk og sikkerheit. Dei får også hjelp til å løyse oppdraga.

- Vi ønskjer å tilby eit slikt kurs til fleire og kanskje også komme i kontakt med studentar og tilsette som ikkje har sett moglegheitene enda, eller som kvir seg for å ta fatt på ei omfattande papirmølle, med kurs og eksamen, seier Fosse.

Det er også etablert ei eiga landingsside for HVL si dronegruppe, der du kan finne meir informasjon: https://www.hvl.no/alu/medielab/drone/