
Universitetssøknaden levert til NOKUT
Torsdag 20. juni leverte styreleiar Arvid Hallén og rektor Gunnar Yttri i Høgskulen på Vestlandet søknaden om å bli akkreditert som nytt universitet.
Styreleiar Hallén rapporterer om eit konstruktivt møte på morgonkvisten med direktør Kristin Vinje i akkrediteringsorganet NOKUT i Oslo.
– Me presenterte søknaden og fekk lagt fram forventningane våre om sakshandsamingstid og framdrift i arbeidet, seier Hallén.
– Me fekk òg presisert at me ser vår søknad i utgangspunktet inn i mot dei gjeldande akkrediteringskrava. Så ser me at Kunnskapsdepartementet har i gang eit arbeid kor ein føreslår endra krav for universitetsakkreditering. Det er med oss i arbeidet, legg han til.
Her kan du lese søknaden.