Vann pris for arbeidet med barnesoldatar i Øst-Kongo

Milfrid Tonheim, professor i sosialt arbeid ved HVL, er tildelt prisen «Fangenes Testament». Ho håpar at prisen vil bidra til større engasjement for Kongo og den gløymde krisa der.

- Den humanitære krisa i Kongo er eit ekstremt eksempel på bistandssvikt. I staden for å skalere opp, skalerast det ned. Sivilbefolkninga blir i stor grad overlate til seg sjølv, det same blir jenter og gutar som har vore rekrutterte av militære grupper, sa Tonheim under takketalen ho heldt då ho tok imot prisen i Risør 11. juni.

«Fangenes Testament» går til personar eller grupper som har gjort noko spesielt for å formidle kunnskap om fredsskapande prosessar på ein god måte til folk flest. Eller, som det står i vedtektene, «til den eller de som i skrift, tale eller handling medvirker til opplysning som fremmer forståelse av Det Onde, slik at vi bedre skal bli i stand til å bygge barrierer mot det i vårt eget sinn.»

Prisen blir delt ut av Aktive Fredsreiser i samarbeid med Institutt for fredsforsking (PRIO). Blant dei som har fått prisen før er dommar Hanne Sofie Greve, filosof Lars Fredrik H. Svendsen, krisepsykiater Lars Weisæth og journalist Jahn Otto Johansen.

Ein versting på verdsbasis

Få lagnader er meir brutale enn lagnaden til barn som blir tekne til fange av militære grupper i Kongo. Sjølv etter mange års innsats for å få slutt på bruken av barn i krig, er Kongo framleis ein av verstingane. Ifølgje FN blir det kvart år rekruttert fleire tusen nye barnesoldatar, og mørketala er store. Dei blir brukte som krigarar, ved check points, som informantar og spionar, til å plyndre landsbyar, til ulike former for husarbeid, og som sexslavar.

- Seksuell vald held fram med å vere eit utbreidd fenomen, ein strategi som splittar familiar og destabiliserer samfunnet. I utsette område lever befolkninga i konstant frykt for militære angrep mot landsbyane og heimane sine, fortel Tonheim.

Under takketalen sin skildra ho eit typisk eksempel på lagnaden til ein jentesoldat. Som tenåring opplever Neema at landsbyen hennar blir angripe av den frykta hutu-militsen Interahamwe (i dag kalla FDLR). Mora blir valdteken mens dei tvingar far hennar til å sjå på. Sjølv blir ho teken til fange og ført inn i skogen. Der blir ho «kona» til militsleiaren, overrekt som ei slags gåve etter eit vellukka tokt. Nabojenta blir gitt i gåve til heile bataljonen, ein sexslave for alle som vil ha henne.

Inne i skogen føder Neema ein gut. Etter eit par år klarer ho mot alle odds å flykte med guten på ryggen og komme seg tilbake til landsbyen, til foreldras hus. Men ingenting er som før. Tida hennar som barnesoldat har gjort henne til ein paria:

«Kjærligheten er borte. Skammen har flyttet inn. Mamma er mørk og stille. Pappa drikker. Sier stygge ting i fylla: Det hadde vært bedre at du døde der ute i skogen!»

Søskena er redde for henne, og vil ikkje sitte ved sida av henne. I bygda elles vil ingen ha noko med henne å gjere:

«Om noe er stjålet, peker de på meg. Andre jenter får ikke lov å være sammen med meg. På grunn av min umoralske karakter, sier de. Min promiskuitet. De roper hore etter meg. Interahamwe-hore.»

Avdekka stigmatiseringa av heimvende jentesoldatar

Lagnaden til tidlegare jentesoldatar som Neema er langt ifrå uvanlege. Tonheim forska på denne gruppa over fleire år, og avdekte den omfattande stigmatiseringa av desse jentene, særleg dei som vende heim med barn. Då var det ikkje berre jenta som blei utstøytt, men også barnet, og dermed blei dei dobbelt ofre – først gjennom brutaliteten under militsen, sidan gjennom stigmatiseringa i heimbyen og minimale sjansar til å bli ein del av samfunnet igjen.

- Denne gruppa barnesoldatar har fått svært lite internasjonal merksemd, både politisk, akademisk og bistandsmessig. Eg nyttar kvart einaste høve til å setje temaet på dagsorden, seier Tonheim.

Engasjementet hennar starta i 2008, då ho gjekk inn i rolla som rådgivar for eit Norad-finansiert reintegreringsprogram retta mot tidlegare barnesoldatar i DR Kongo. Ei hovudsak for henne blei korleis programmet betre kunne møte behova til jentene. Frå 2009 til 2012 var Tonheim prosjektleiar for eit UD-finansiert forskingsprosjekt om reintegreringsprosessen til tidlegare barnesoldatar, då særleg jenter. Forskinga skjedde i samarbeid mellom Senter for Interkulturell Kommunikasjon i Stavanger og to kongolesiske universitet i Sør Kivu. Fleirparten av forskarane i prosjektet var kongolesiske.

Sidan leia dette arbeidet vidare til både bok og doktorgrad om emnet. Boka, som Tonheim var medredaktør for, var på fransk for å gjere kunnskapen tilgjengeleg lokalt i Kongo. Komiteen som vurderte Tonheims doktorgrad sa at forskinga var banebrytande når det gjaldt å auke forståinga for opplevingane til tidlegare jentesoldatar som forsøkte å komme seg tilbake til eit normalt liv.

Forhandla med krigsgeneral og starta skule

Tonheims arbeid i DR Kongo har også brakt henne ut i uvanlege situasjonar. Slik som då ho blei invitert av det norsk-finansierte Repatrieringsprosjektet retta mot FDLR-soldatar med rwandisk bakgrunn, ei av dei største militære gruppa i Øst-Kongo. Då forhandla ho med General Deogratis om frigjeringa av barnesoldatar, fortalde han om konsekvensane for desse barna. Ein avtale blei underteikna, men aldri gjennomført, mellom anna på grunn av manglande finansiering og fordi norske UD meinte prosjektet hadde for høg risiko.

Ho har også vore med på å starte eit utdanningsprosjekt for barn av tidlegare jentesoldatar – no utvida til å ta imot fleire sårbare grupper ramma av krig og konflikt. I dag støtter prosjektet 12-årig utdanning til 450 barn og unge i Sør Kivu, gjennom den ideelle stiftelsen Vi er buddies.

- Øst-Kongo er eitt av dei aller vanskelegaste stadane i verda å vere barn. Etter tiår med krig, har dei små sjansar til utdanning, og heile 27 millionar menneske i landet sveltar. Like mange som det bur i heile Norden! Under slike omstende, er faren stor for å bli rekruttert til militære grupper, seier Tonheim.

- FN har hatt gjentatte appellar for at verda skal auke bistanden til Kongo, likevel skjer det ikkje noko. Gitt dei eksisterande ressursane, skildrar FN reintegreringa av barnesoldatar som ein «mission impossible».