Vedtok ny modell for rektoratet

HVL får tre prorektorar i kommande åremålsperiode.

Styret vedtok i dagens ekstraordinære styremøte korleis HVL sitt rektoratet skal sjå ut frå 1. august. To modellar låg til grunn i saka; viserektormodellen og prorektormodellen. 

Styret landa på prorektormodellen og ba om at den blei vidareutvikla framover.

- Begge modellane hadde som overordna mål å styrke HVL si evne til regional samhandling og campusutvikling, men dei gav ulike organisatoriske svar.

- Materialet me fekk gav eit godt grunnlag for diskusjonen og eg synest ulike moment og perspektiv kom fint fram. Styret såg at begge modellane hadde styrker og nokre utfordringar med seg, seier styreleiar Arvid Hallén i HVL.

Dagens vedtak betyr at HVL frå 1. august vil ha tre prorektorar; ein prorektor for utdanning, ein prorektor for forsking og ein prorektor for regional utvikling, campusutvikling og innovasjon.

Hallén seier at styret var særleg oppteken av korleis spørsmålet om campusleiing og campusutvikling vert løyst, og ba om at det vert gjort ei vidare konkretisering av modellen som no er valt.

- Det handlar om å finne gode og tenlege løysingar, roller og funksjonar som tek i vare heilskapen, og som samstundes tar inn det campusspesifikke, det som omhandlar stadleg leiing og det som ligg i å vera eit tydeleg og godt kontaktpunkt for arbeids- og næringsliv.

Rektor Gunnar Yttri hadde innstilt på viserektormodellen.

- Eg synes styret hadde ein brei diskusjon. Mange moment og perspektiv blei godt belyst. Modellen med tre prorektorar som styret valte vil som eg sa i møtet også gje god styrke til det regionale arbeidet vårt.

- No får vi litt tid på oss til å vidareutvikla og klargjere modellen, slik at den vert enda betre og kraftfull, både for høgskulen og samfunnet rundt oss. Dette skal me få til på ein god måte.