
Ser fram til å arbeide på tvers av faglege grenser
Vegard Fusche Moe er ny dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. I dette intervjuet kan du bli betre kjent med han.
Kvifor ville du bli dekan?
Som dekan får eg høve til å arbeide med heilskapar på tvers av faglege grenser. I mi rolle som prodekan for forsking, som eg har hatt i 3,5 år, har eg opplevd at jobben har vore på sitt mest givande når me har sett gode samanhengar mellom utdanning, forsking og partnarskapsarbeid, og når fagleg og administrativt arbeid går hand i hand.
HVL har eit verdifullt og viktig samfunnsoppdrag som gjer ein skilnad i samfunnet på fagfelt som lærarutdanning, kultur og idrett. Som dekan vil eg jobbe med samfunnsoppdraget på eit breitt, overordna nivå og i samarbeid med dyktige tilsette, studentar og samarbeidspartnarar. Det gler eg meg til!
Kva går jobben din ut på?
Dette veit eg betre når eg har fått litt lengre fartstid i rolla, men det er ein mangslungen jobb med eit overordna ansvar for det vitskaplege og administrative arbeidet i fakultetet. Som dekan vil eg leie og delta i mange arbeidsprosessar både internt og eksternt.
Eg skal kunne leggje til rette for og saman med andre vere ein pådrivar til at studentar, tilsette, fakultetet og høgskulen får gode vilkår for å utvikle seg i ønskt retning. FLKI er eit stort fakultetet med over 5600 studentar og 530 tilsette. Ein må difor leie saman med andre, lytte og forstå og ta velgrunna val som gagnar satsingane våre på lærarutdanning, kultur og idrett så godt som råd er.
Kva er dine visjonar framover?
Eg ønskjer å bidra til at fakultetet sine kjerneområde, lærarutdanning, kultur og idrett, gir næring og retning for studentar, tilsette og samarbeidspartnarar og med det høgskulens visjon: Kunnskap som byggjer menneske og samfunn.
Men kva kunnskap og samfunn ønskjer me? Brenn du for lærarutdanning, kultur eller idrett? Velkommen til laget som formar lærarar, barnehagar, skular, kulturliv og idrettslag for framtida! Det får bli min velkomstvisjon i dag. Det blir sjølvsagt viktig å skape dette i god samhandling med høg kvalitet og ei fleksibel tilpassing til framtidas kompetansebehov. Akkurat no kan eg ikkje tenkje meg eit meir givande oppdrag enn det.
Kva trur du er den største skilnaden på kvardagen din før og no?
Eg trur det blir som mange opplever det når ein tek til i ein ny jobb: spennande og mykje nytt å setje seg inn i, særleg i starten. Læringskurva blir bratt går eg ut frå. Den nye rolla gjer at eg får meir ansvar for heilskapen og pengane, og eg vil sikkert oppleve å ha mindre kontroll enn i dag, særleg over detaljar.
Eg vil ta del i HVL si leiargruppe og styrearbeid, og det skal gjennomførast ein del dekanvedtak. Det blir nytt for meg. Elles må eg nok øve meg på å lese landskapa rundt oss regionalt, nasjonalt og internasjonalt med endå breiare briller på enn kva eg kan ha gjort til no.
Kva er bakgrunnen din?
Eg er sogning og vaks opp i industri- og dugnadssamfunnet Årdal. Som professor i idrettsvitskap har undervisning og rettleiing på master- og ph.d.-nivå vore sentrale delar av arbeidet mitt, særleg innan idretts- og lærarutdanningar. I tillegg har eg bidrege til utvikling av emne og studieprogram på alle nivå, og vore aktiv i forskingssamarbeid med høgskulen sine eksterne partnarar. I år har eg faktisk 20 års arbeidserfaring frå høgskulen med campus Sogndal som hovudarbeidsstad.
Eg har delteke i fleire programtilbod om leiing generelt og forskingsleiing spesielt i UH-sektoren, og eg har vore med å utvikle høgskulen sitt Program for forskingsleiing. I fakultetet har eg hatt leiarroller som forskingsprogramleiar og prodekan for forsking.
Korleis vil du beskrive deg sjølv?
Eg er open og lyttande og glad i å skape driv saman med andre gjennom inkluderande, meiningsfulle og fagleg sterke samarbeid.
Kva gjer du når du ikkje jobbar – kva får deg til å slappe av?
Då er eg stort sett saman med familien min. Eg er gift og har tre gutar frå 11-16 år som eg spelar fotball og leikar med. Elles slappar eg godt av når eg er på hytta eller ute i naturen, gjerne med ei fiskestong, tek meg ein sykkeltur, arbeider praktisk, ser ein film eller les i ei bok som trekk meg inn. Men den beste avslappinga kjem vel med ein liten lur.
Kva brenn du for?
Lærarutdanning, kultur og idrett. Inkluderande samfunn. Å skape meiningsfulle, drivande arbeidslag. Bevegelse.