
Velkommen til eit nyoppussa campus Førde
Campus Førde har no fått eit skikkeleg løft. Dette blei markert med kakefeiring for studentar og tilsette på onsdag.
I løpet av dei to siste åra har både servicetorg, kantina, biblioteket og studentkroa Akutten blitt pussa opp. I tillegg har alle fellesareal og møterom fått nye møblar. Uteområdet har også fått eit løft. Over ti millionar kroner i løpet av to år er blitt brukt på opprustinga av campus Førde.
-Det er på tide å feire at vi har komme i mål med alle prosjekta ved campus, sa einingsleiar for areal og drift i Førde Karl-Eric Melander og spanderte kake og kaffi på alle som var tilstades.
Han takka studentar, tilsette og statsbygg med underleverandørar for at alt er i hamn. Han sendte og ein liten takk til covid-19!
Kantina har blitt heilt ny med større disk, utval og kaffibar. Det er komme nye sittegrupper og nye grøne plantar.
Den nye kantina er godt tilrettelagt for at studentane kan sitte å jobbe. Foto: Katrine Sele
Dei tilsette er også nøgde med den nye kantina. Foto: Silje Marie Hatlestad
Servicetorget har fått eit løft. Foto: Silje Marie Hatlestad
Løft for campus Førde:
Kantine: 5 millionar
Akutten: 1,5 millionar
Servicetorg: 1 millionar
Bibliotek: 1,5 millionar
Uteområde: 400 000
Nye møblar i fellesareal: 800 000
Nye elsyklar: 150 000 (saman med Sunnfjord kommune)