- Vi har eit større problem med alkohol enn vi vil innrømme

- Det at alkohol berre er eit problem for dei få av oss som blir avhengige, er ein myte, meiner forskar Lillian Bruland Selseng.

Har du høyrt omgrepet «passiv drikking»? Sannsynlegvis ikkje. Tanken er ikkje populær i Noreg – verken hos regjeringa eller blant folk flest. Men vi treng å snakke om dette no, meir enn nokosinne, meiner Lillian Bruland Selseng ved Høgskulen på Vestlandet.

Ho er sosionom og familieterapeut, og i desember disputerte ho for doktoravhandlinga si ved OsloMet, der ho tek ein nærmare kikk på dei kulturelle førestillingane som ligg til grunn for måtane vi jobbar med rus på. Dette har ho gjort mellom anna gjennom djupneintervju med tilsette ved tre NAV-kontor.

– Metoo-kampanjen og presset mot ei liberalisering på alkoholfeltet aktualiserer denne problemstillinga. Så mykje av det vi likar aller minst i samfunnet vårt – vald, eldpåsetjing, trakassering, valdtekt, skilsmisse, utruskap, kvinnemishandling – heng nøye saman med alkoholbruk. Men som samfunn fornektar vi det.

 – Fråhaldsrørsla hadde rett

I den siste regjeringsperioden har alkohollova blitt endra slik at Vinmonopolet for første gong har vore ope på nyttårsaftan, påskeaftan og pinseaftan. Tax free-kvoten er utvida ved at tobakkskvoten kan bli veksla inn i vin.

Den nye blå-grøne regjeringa kjem med forslag om ytterlegare oppmjukingar. I regjeringserklæringa går dei tre partia inn for at ølsalet skal bli utvida til klokka 21 alle dagar, bortsett frå søndagar. Dei vil også endre alkohollova slik at Vinmonopolet sine opningstider blir utvida. «Vi er for eit meir ope samfunn med færre reguleringar,» seier Morten Wold i Frp.

– Dei legitimerer dette frisleppet ved å foreslå ei utbygging av behandlingstilbodet for rusavhengige. Med andre ord: Dei som har problem med alkohol, skal få behandling, mens vi normaldrikkarar skal få betre tilgang, seier Selseng.

På same tid har metoo-kampanjen, der kvinner i mange ulike miljø har snakka ut om seksuell trakassering og vald, vist at svært mange overgrep har funne stad i situasjonar der det har blitt drukke alkohol. Rus har vore ei sterkt medverkande årsak til det som har skjedd.

– Det at alkohol berre er eit problem for dei få av oss som blir avhengige, er ein myte. Den normale bruken er tett kopla til den dårlege bruken. Fråhaldsrørsla hadde meir rett enn vi likar å tenkje, seier forskaren.

– Det største problemet på rusfeltet er ikkje alkoholisme, men den omsynslause åtferda knytt til rus.

Statsministeren, idrettshelten og TV-stjerner skålar 

I diskusjonen kring folkehelse har samanhengen mellom den totale alkoholbruken i samfunnet og helseskadar frå alkohol komme tydeleg fram. Jo meir vi alle drikk, jo fleire blant oss får helseskadar som følge av alkoholbruken. Dette er alvorleg – men dei åtferdsmessige og sosiale konsekvensane av drikking er langt større, framhevar Selseng:

– Statistikken kring dette er heilt utvitydig. «Valden i Noreg dryp av alkohol,» sa kriminolog Nils Christie. I tillegg til statistikkar som viser klart at eit fleirtal av drap, valdtekter og andre valdshandlingar skjer i fylla, er skadane som skjer innanfor husets fire veggar, noko vi har langt mindre innsyn i. Og her er kvinner og barn dei mest sårbare, seier forskaren.

Ei undersøking publisert frå Noreg i 2016 viser at 17,3 prosent hadde erfart eit eller fleire problem med andre si drikking det siste året. 

Så kva er det som gjer at tillitsvalde i politiske parti drikk på arrangement med mindreårige partifellar til stades? Kvifor sit våre kjære artistar og drikk mens dei blir filma til program som «Kvar gong vi møtest?» Og kvifor er det heilt akseptabelt at politiske leiarar skålar på bilde i avisa, og at idrettshelten set tuten på champagneflaska til munnen og heller i seg?

Til samanlikning var det for nokre tiår sidan fullt akseptabelt for ein vinnar i skisporten å tenne seg ein røyk ved målstreken for å feire sigeren – noko som ville vere utenkjeleg i dag.

Aksepten for alkohol i alle mogelege samanhengar kjem av to sentrale historier vi fortel oss sjølve, meiner Selseng:

  1. Det er berre «nokre andre» som ikkje toler det
  2. No har vi det hyggeleg 

Vi forandrar oss på måtar vi likar

– Når vi drikk alkohol, forandrar vi oss på måtar vi likar. Vi pratar meir, ler meir, dansar meir, kliner meir, seier forskaren.

– Spelereglane endrar seg. Problemet er berre det at dei same mekanismane som gjer at vi kjenner oss friare, framhevar også negativ åtferd. Den som er aggressiv, blir meir aggressiv. Grenser fell vekk. Vi trakasserer meir, slår meir, er meir utru og kranglar meir.

Som samfunn har vi blitt veldig glade i alkohol fordi det er knytt til hygge. Men hygga ligg ikkje i flaska eller i den kjemiske påverknaden – ho ligg i ritualet kring drikkinga, seier forskaren. I andre kulturar har alkohol fått heilt andre tydingar, til dømes knytt til ernæring. Hyggetanken er ei utprega vestleg forståing av alkohol og slett ikkje sjølvsagt.

– Omsynsløysa knytt til drikking, der vi har «lov» til å skyve på normene, er kulturelt lært. Alkoholen gjer oss generelt sløvare og seinare i reaksjonane, men tanken om at vi blir friare, kjem frå oss sjølve.

Lillian Bruland Selseng viser mellom anna til boka Rus av Hans Olav Fekjær, der han ser på alkoholbrukens historie. Han har mellom anna sett søkjelyset på den kvite mannens kjærleik til alkohol og problemet med passiv drikking.

Drukkenskap og fråhald 

I Noreg har måten å forstå alkohol på endra seg over tid. I eldre tider blei det sett på først og fremst som handelsvare og næringsdrikk, men i siste del av 1800-talet voks det fram ein ny synsmåte som ofte blir omtala som fråhaldsmodellen. Han knytte seg til ein internasjonal trend der det sivile samfunnet mobiliserte mot det dei kalla drukkenskap.

Innanfor denne tankegangen blei alkohol sett på som gift, og alkoholforbruk blei sett på som årsak til familievanskar, helseskadar, vald og kriminalitet. Løysinga var, for å unngå eigne vanskar og i solidaritet med «dei drikkfeldige», å avstå frå å drikke alkohol. Idealet var eit alkoholfritt samfunn.

Først seinare, ut på 1900-talet, voks det fram ei anna forståing, gjerne kalla sjukdomsmodellen. Ifølgje denne var alkoholisme eit individuelt problem – ein sjukdom. Ein tredje variant, den nordiske modellen, kombinerer desse to synsmåtane. Alkohol blir sett på som både eit individuelt problem og ei årsak til sosiale og kriminelle vanskar.

Må forståast som eit samfunnsproblem

Selseng meiner vi i langt større grad bør forstå alkohol som eit samfunnsproblem, ikkje berre eit individuelt problem. Då ville legitimiteten for å gjere noko med dei negative sosiale konsekvensane vere langt større. Her jobbar rusfeltet motvinds, i konflikt med forståinga til samfunnet elles. Ho finn dette gapet interessant og utfordrande.

Ein studie av bruk av forsking i alkoholpolitiske avgjerdsprosessar syner at aktørar som la vekt på individet sin fridom og på næringsinteresser, aktivt diskrediterte forsking som viser at reduserte skjenketider førte til mindre vald.

Allereie i 1975 slo ei stor gruppe med anerkjente forskarar frå 13 ulike land fast at skadeverknadane av alkohol er påverka av totalforbruket, og av pris og tilgjenge.

– Vi veit med andre ord kva problemet er, og kva det går an å gjere med det. Men det er politisk krevjande å ta fatt i. Det er fort gjort å bli stempla som ekstrem, gamaldags og sidrumpa, ein fiende av det moderne, liberale samfunnet, erkjenner Selseng.

– Avhaldsrørsla såg med sitt blotte auge kva skade fylla gjorde. Meir fascinerande er det at vi, med all forskinga og kunnskapen vår, ikkje vil sjå det.

Referanse:

Selseng, LB: Diskursive ressursar i rusarbeid – ein analyse av praksisforteljingar. Doktoravhandling ved OsloMet. (2017) (samandrag)

Artikkelen har også stått på trykk i forskning.no