
Vil revolusjonere korleis vi driv rehabilitering
Kva om det gjekk an å skape eit digitalt verktøy som kunne måle framgangen til pasientar i fysioterapi? Dette er ambisjonen bak forskingsprosjektet SARHA i Førde.
I åra 2020-2023 begynte Jeanette Svarstad, då fysioterapeut i Helse Førde, med noko nytt i jobben sin. Ho og ein kollega av henne ville prøve ut VR-briller i behandlinga av ei tungt råka gruppe pasientar: dei som hadde hatt hjerneslag og brått blei sterkt rørslehemma.
Kva om dei kunne gjere dei anstrengande og tolmodskrevjande fysioterapiøvingane meir motiverande gjennom å bruke spel?
- Vi fekk svært gode tilbakemeldingar! Det var så oppløftande å sjå. Pasientane blei engasjerte, og hadde det gøy under behandlinga, seier ho.
- Samstundes kunne vi ikkje bevise at metoden verka – vi hadde berre kjensla av det, seier Svarstad.
Utfordringa med rehabilitering som fag
Akkurat dette har vore ei hovudutfordring for fysioterapeutar som henne. Dei har drive med langvarige behandlingar der framskritta er ørsmå, vanskelege å få auge på. Å følgje med på rørslefridomen i ulike ledd over tid er ingen enkel sak, og fysioterapeuten har til no berre hatt eit enkelt verktøy til rådigheit for å objektivt kunne måle dette: to linjalar hefta til ein vinkelmålar, kalla eit goniometer.
Pasientane deira har dessutan opplevd store omveltingar i livet sitt, og måtta jobbe hardt over lang tid, både fysisk og psykisk, for å rehabilitere seg. Å få til meistring og motivasjon gjennom eit slikt forløp er uhyre krevjande.
Situasjonen blir ikkje enklare av at pasientane stadig må krysse institusjonsgrenser og faggrenser under behandlinga si. Dei er gjerne innom sjukehus, kommune, rehabiliteringssenter, fleire fysioterapeutar, fastlege, ergoterapeut og logoped - berre for å nemne noko.
Vanskeleg å vite effekten
Undervegs blir informasjonen om kroppen deira, og den eventuelle framgangen, fragmentert og tolka på ulikt vis frå behandlar til behandlar. For både pasient, pårørande og fagfolk er det vanskeleg å følgje med på og halde oversikt.
- Vi veit lite om innhaldet og effekten av rehabilitering, noko Riksrevisjonen har påpeikt. Dette problemet ønsker vi å ta tak i ved å utvikle ei digital løysing, seier Runar Tengel Hovland, samfunnsvitar og forskar på tenesteinnovasjon.
Snakka saman og fekk ein god idé
For Hovland og Svarstad, fagfolk frå to vidt forskjellige bakgrunnar, var det ein prat over ein kopp kaffi som leia til ideen. VR-erfaringane til Svarstad var så lovande – så det måtte då gå an å kunne utvikle nokre objektive mål på framgang? Eller kva?
Dei tok kontakt med Erik Kyrkjebø, professor innan robotikk ved HVL. Hadde han, som teknolog, trua på at dette kunne gå an?
Ja, viste det seg – og med tida utvikla dei tre saman prosjektet som no har fått namnet Samordnet datadrevet rehabilitering etter hjerneslag – SARHA i forkorting.

Gizem Ates Venås (t.v.), forskar innan robotikk, er også sentral i prosjektet, og er rettleiar for Tirach i doktorgradsarbeidet. Her med Kyrkjebø på robotlaben på HVL i Førde. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Parallellen mellom robotar og menneske
- Eg blir veldig inspirert av å sjå føre meg situasjonar der menneske og teknologi jobbar i lag. Lenge har eg lurt på korleis vi kunne bruke dette innan helse, seier Kyrkjebø.
Heilt sidan starten av hans karriere som teknolog, har han vore oppteken av den mekaniske rørsla, og korleis den har sin parallell i menneskelege rørsler. I eit tidlegare forskingsprosjekt, Teknoløft, jobba han med å utvikle menneske-robot-samarbeid til bruk i industrien.
- No vil vi ta eit steg vidare, og hente kunnskap frå robotikken når vi analyserer menneskelege rørsler, seier Kyrkjebø.
Utviklar ein digital tvilling
Raquel Motzfeldt Tirach, ingeniør og stipendiat i datateknologi, er allereie i gang med å lage eit skåringssystem for ulike rørsler i menneskekroppen. Avanserte sensorsystem som kan gjere dette finst allereie, men dei er altfor dyre og tidkrevjande å bruke i helsevesenet. Ho skal utvikle noko som kan brukast til kvardags.
Tirach har komme fram til ein enkel kombinasjon av kamera og tre sensorar festa til kroppen til pasienten under behandling. Dette skal kunne gi gode nok data når det gjeld å måle rørsle og mobilitet i ulike ledd. Neste steg er å omsetje data til noko som alle kan forstå, på tvers av ulike profesjonar.
- Tal hjelper ikkje med mindre folk forstår kva dei betyr, seier Tirach.
Kronideen i SARHA er difor å utvikle det dei kallar ein digital tvilling av pasienten. Dette vil vere ein digital versjon av kroppen deira, der effekten av treninga og mobiliteten i dei ulike ledda på kroppen vil kunne vere lett for alle å sjå. Figuren vil samle all informasjon, og dermed gi både pasienten, pårørande og alle som er involverte i behandlinga, innsikt i korleis det går over tid.

Å snakke saman på tvers av fag
Sjølv om ideen høyrest enkel ut, viser det seg uhyre komplekst å utvikle ein slik digital tvilling. Jo djupare forskarane går inn i materien, jo meir ser dei kor vanskeleg dette målet dei har sett seg, faktisk er.
Ei hovudutfordring er at prosjektet er såkalla «radikalt tverrfagleg». Forskarane må jobbe saman på tvers av heilt ulike disiplinar, og kvar av dei veit lite om dei andre sine fagfelt i utgangspunktet.
- Erik snakkar om sensorar og datagreier, Runar snakkar om at noko er fenomenologisk eller hermeneutisk, og eg har alle mine kliniske uttrykk. Så vi snakkar tre forskjellige språk! seier Svarstad.
- Og det er ikkje berre ei språkleg utfordring – for orda våre er også inngangen til å forstå ein måte å tenkje på.
Nerdar og fysioterapeutar
Hittil har hindera for å utvikle helseteknologi vore store. Det har vore som to separate skott, særleg innan tilskotsordningane til forsking. Du måtte søke pengar til anten teknologiutvikling eller helseforsking. Men SARHA kryssar desse skilja, og er såleis ein type pionerarbeid.
Stadig blir dei overraska over kvarandres ulike måtar å tenkje på og jobbe på.
Då teknologen Tirach fekk hospitere hos Svarstad under fysioterapiarbeidet hennar, fekk ho seg ei stor overrasking:
- Jeanette var borti pasientane sine!
Desse personane trong ein god del fysisk støtte for å få til treninga, noko som gjorde at Svarstad heile tida måtte vere tett på. Dermed oppdaga Tirach ei ny utfordring – fysioterapeuten gjekk stadig i vegen for kameraet som skulle måle rørslene.
- Eg hadde ikkje tenkt på å fortelje dei om akkurat dette, fordi eg trudde det var sjølvsagt! seier Svarstad – no stipendiat innan innovasjon i SARHA.
- Nerdar og fysioterapeutar har hittil prøvd å løyse problem som dette kvar for seg, så det finst eit gap vi må krysse, seier Tirach.
Nye tankemåtar kan gi nye profesjonar
Kanskje vil denne forskinga med tida føre til utviklinga av nye, hybride fagstillingar som kombinerer desse faga på tvers. Det kan også leie til nye typar utdanningar og profesjonar innan helseteknologi.
Hovland roser Helse Førde for å ha dyrka fram ein kultur som legg til rette for tenesteforsking og innovasjon. Hittil har seks doktorgradsprosjekt ved HVL vokse ut av idear frå det fysikalske miljøet ved sjukehuset.
- Mest av alt ønsker vi å gjere ein konkret forskjell for store grupper av pasientar, ved å bruke forsking. Det er den forandringa vi held blikket vårt på, seier Hovland.
Les meir om prosjektet og sjå kven som deltek i det her.
VR-prosjektet som leia til forskingsprosjektet SARHA, kan du lese om her: Erfaringar med VR som fysioterapitiltak i rehabilitering av hjerneslagpasientar. Ein intervjustudie