Vil teste ny metode for å lage flytande hydrogen

I samarbeid med Enerin AS og Hydrogen Solutions AS skal HVL teste ut nye metodar for å skape flytande hydrogen. Dersom prosjektet lukkast, kan det det bidra til å sette fart på det grøne skiftet.

Flytande hydrogen som drivstoff blir peika på som ein viktig faktor for energiomlegging i skipsfart, og lengre fram i tid også luftfart. Prosessen med å gjere hydrogen flytande er likevel energikrevande med dagens teknologi, og er eit ankepunkt mot brei bruk av hydrogen i dag. 

Når ein i tida framover skal utvikle marine hydrogenfyllestasjonar langs kysten, blir det stadig viktigare å finne ei betre løysing på problemet. 

Med tilskot frå Regionalt forskingsfond skal Høgskulen på Vestlandet no teste ut ein ny metode for å gjere hydrogen flytande, i tett samarbeid med Enerin AS og Hydrogen Solutions AS.

Målet er å redusere energibehovet i kjøleprosessen for å danne
flytande hydrogen, og dermed redusere kostnadene ved distribuert produksjon og lagring.

Labforsøk og testing

Norbert Lümmen er leiar for prosjektet ved HVL. Han fortel at dei skal bruke ein Stirlingmaskin på høgskulen for å teste om den kan kjøle ned hydrogen på ein meir efffektiv måte. 

– Å gjere hydrogen flytande krev ein temperatur på minus 253 grader celcius. I prosjektet vil vi bygge vidare på eit Mobiforsk-prosjekt frå 2020 der vi gjorde praktiske forsøk og simuleringar. Planen er å modifisere Stirlingmaskina og utvikle den til ei kuldemaskin.

Lümmen legg til at også studentar ved Institutt for maskin- og marinfag kan involverast i dette arbeidet. 

Dersom prosjektet lukkast, kan prototypen legge grunnlag for å utvikle ein såkalla fullskala kommersiell Stirling-kryokjølar. Enerin AS utviklar varmepumper basert på stirlingprosessen.  Arne Høeg som er er partnar i Enerin er svært glad moglegheitene som samarbeidet med HVL gir for vidare utvikling av teknologien: 

– Gjennom prosjektet håpar vi å få ny kunnskap om korleis vi kan utnytte stirlingsyklusen med naturlige arbeidsmedium som hydrogen, helium og nitrogen for produksjon av kulde ved ekstremt låge temperaturar. 

Han fortel at moglegeheitene som ligg i forsking og uttesting på HVL sin motorlab gjer at dei reknar med å oppnå gode resultat for såkalla kryokjøling.

– Det kan i så fall bidra til ei raskere utfasing av syntetiske kuldemedium, og til at det kan bli enklere å ta i bruk hydrogen i skipsfart, avsluttar Høeg.