Rune Herheim har vunne språkprisen

Førsteamanuensis Rune Herheim ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har vunne HVL sin språkpris for 2020.

– Det var veldig kjekt og overraskande å vinna prisen! Eg kan ikkje seie at eg har vunne så mange prisar i mitt liv, så dette var heilt kanon, seier Herheim.

Kjem ikkje av seg sjølv

I tillegg til å forske og undervise er prisvinnaren forfattar og redaktør av fleire fagbøker. Han er også redaktør for Tangenten – tidsskrift for matematikkundervisning, der lærarar, forskarar og lærarutdannarar skriv faglitteratur på norsk. Juryen meiner at Herheim med arbeidet sitt bidreg til å ta vare på og utvikle norsk fagterminologi innan eit fagområde som gjerne er prega av engelsk.

– Eg syns det er ekstra stas å vinna denne prisen fordi fagleg formidling og eit godt, klart språk er noko eg er veldig oppteken av. Eit godt og klart språk er ikkje lett, det kjem ikkje av seg sjølv. Munnleg er det litt spelerom og mogleg å hente seg inn viss ein er litt upresis, men skriftleg kan det ofte vera meir krevjande. Som regel må ein kna tekstar i fleire omgangar før språket er stramt og flyt godt og der strukturen i og mellom avsnitt er god, seier prisvinnaren.

Humor og fagleg tyngde

I statuttane for prisen står det at prisen skal gå til nokon som har «utmerka seg med sterk fagleg formidling og eit godt, klart språk. Du er jo realist, så kva er ditt forhold til formidling og språk? 

– Som realist kan eg seie at interessa for språk er svært sterk hjå oss som arbeider med matematikk i lærarutdanninga. I tillegg er det slik at matematikk kan sjåast på som eit språk, så slik sett kan me reknast som språklærarar. Eg må òg få legga til at mykje av det eg har lært om språkkvalitet har eg snappa opp hjå kollegaer, særleg Marit Johnsen-Høines, seier Herheim.

Har du eit formidlingstips du vil dele?

– Når det gjeld skriftleg formidling er mitt beste tips at språkkvalitet handlar ikkje så mykje om kvaliteten på det ein skriv ned fyrst – det handlar om kor godt ein klarar å kna teksten. Munnleg, både når ein underviser eller held føredrag, er det tre ting eg legg vekt på. Det eine er å prøva å kopla humor og fagleg tyngde, det andre er å kopla teori til gode og konkrete døme, og det tredje må vera å klara å tilpassa kva du skal formidla og korleis du formidlar det til dei du snakkar til, fortel Herheim.

skjermbilde språkpris.jpgSpråkprisen blei delt ut digitalt av rektor Berit Rokne. – Eg håpar du kan inspirere kollegaer til å arbeide med norsk fagspråk, sa ho til Herheim under utdelinga.

Samstemt jury

Språkprisen blei lyst ut 30. oktober 2020. Då fristen gjekk ut, var det nominert ti kandidatar. Språkpolitisk utval har vore jury for prisen i år. Utvalet består av Alice Kvåle (FHS), Tarald Seldal (FIN), Grete Netteland (FØS), Eli Bjørhusdal (FLKI), Svein Ove Eikenes (AKS), Marie Charlotte Moilanen Kettunen (student) og Noel-Sophie Schneider (student). Prorektor for samhandling, Liv Reidun Grimstvedt, leiar utvalet.

– Gjennom å dele ut språkprisen, ønsker høgskulen å stimulere til vidare godt arbeid med språk og formidling. Prisen går til ein tilsett, ein student eller ei eining ved høgskulen som har utmerka seg med sterk fagleg formidling og eit godt klart språk, i tråd med HVL sine språkpolitiske retningslinjer, seier Liv Reidun Grimstvedt.

Ho fortel at juryen fekk inn fleire svært gode nominasjonar, men at dei var samstemte i at Herheim skilte seg spesielt ut. I tillegg til Herheim var det tre andre finalekandidatar: Falturiltu – nynorsk barnebokfestival på Stord, Barnehagelærarutdanninga i Sogndal og Morten Hammerborg, professor ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag.

Språkprisen

  • Språkprisen er ny av året, og er ein av tre HVL-prisar.
  • Prisen er på 25 000 kroner og skal delast ut årleg for å fremje fagmiljø eller enkeltpersonar som har markert seg når det gjeld formidling og god norsk språkbruk, fortrinnsvis på nynorsk.
  • Prisen går til kandidatar som har gjort ein merkbar innsats for å formidle faget eller forskinga si på ein framifrå måte. Det blir spesielt lagt vekt på gjennomslagskraft og synlegheit lokalt/regionalt og eit godt, klart språk. Her kan du lese meir om prisen.