Vurderingsarbeidet er i gong

I dag starta prosjektgruppa arbeidet med eit kunnskapsgrunnlag for rektor si vurdering til styret i mars - om ein eventuelt skal gå vidare i arbeidet med eitt integrert fakultet bygd på FIN og FØS.

Arbeidet har sin bakgrunn i styresak om oppfølging av budsjett 2023.

I mandatet til prosjektgruppa ligg det fast at gruppa skal gi ei samla tilråding til rektor av kor vidt ei alternativ fakultetsorganisering kjem vesentlege mål som fagleg relevans og berekraft, samt tryggare fakultetsøkonomi betre i møte.

Vidare står det at vurderinga skal tydeleggjere potensielle positive effektar og negative konsekvensar med bakgrunn i tilgjengelege data og kunnskapsgrunnlag kring:

  • Fagleg aktivitet
  • Organisasjon og leiing
  • Arbeidsmiljø
  • Økonomi

Prosjektgruppa skal oversende ei vurdering, som ikkje skal overstige 8 sider, til rektor innan 27.2.23.

Her er mandatet

Rektor Gunnar Yttri utdjupa mandatet for arbeidsgruppa i starten på samlinga. I gruppa sit frå høgre i biletet: Wiggo Hustad (prosjektleiar, OUD), Jorunn Steensnæs (viseinstituttleiar FØS – ho møtte for instituttleiar Johanne Marie Trovåg), Jan Ove Rogde Mjånes (tillitsvalt FIN), Tone Merete Brekke (instituttleiar FØS), Lars Leer (tillitsvalt FØS), Torbjørn Roloff Heyerdahl (dekan FØS), Kirsten Bakken (verksemdstyring/rektors stab), Johnny Nordahl Berentzen (hovudverneombod FØS), Hilde Kløften Duesund (hovudverneombod FIN), Kristin Fanebust Hetland (instituttleiar FIN), Øyvind Midtbø Berge (prodekan FIN), Jens Kristian Fosse (dekan FIN) og Svein Ove Eikenes (kommunikasjon).