Webinar om livslang læring: Skal eg utdanne meg heile livet?
Universitet og høgskular jobbar no med å forme utdanningstilbodet til å bli meir fleksibelt og tilpassa arbeidslivet. Her kan du sjå HVL-webinaret med paneldebatt om korleis dei kan få dette til.
Det politiske trykket den siste tida har vore mot at utdanningar skal utformast på nye måtar, med mål om å komme i møte enkeltmenneske sine ulike behov gjennom livet, og arbeidslivets raskt skiftande natur.
Onsdag 12. mai inviterte HVL til webinar om temaet, og med i paneldebatten var arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen, rektor Gunnar Yttri og Ingrid von Streng Velken, konserndirektør for innovasjon og utvikling i BKK. Dei diskuterte mellom anna desse spørsmåla:
- Kva er relevant kunnskap i eit arbeidsliv i stadig endring?
- Går alt verkeleg så mykje fortare enn før, og i så fall, kvifor?
- Kva har pandemi, omstilling og arbeidsledigheit å seie for korleis vi tenkjer utdanning?
- Korleis skal livslang læring gå føre seg?
- Kva type læring skal UH-sektoren ta ansvar for, kva skal arbeidsgivarar ta seg av og kva skal den enkelte arbeidstakaren syte for sjølv?
Ein ny tankegang
«Ingen skal gå ut på dato» - dette har vore refrenget når kunnskapsministeren og andre har snakka om temaet livslang læring. Mens sektoren tidlegare snakka om etter- og vidareutdanning, er livslang læring ein nyare, noko annleis tankegang. I tillegg til grunnutdaningar, skal UH-sektoren no i mykje større grad ruste seg for å kunne tilby kortare kurs, vidareutdanningar og deltidsutdanningar som er mogleg for folk å ta på alle slags tidspunkt i livet, og i mange ulike livssituasjonar. Desse tilboda skal gjerne utformast i ei raskare takt enn det som har vore vanleg før, og i nært samspel med arbeidslivet.
Utdanning i ulike livssituasjonar
I tillegg til paneldebatten, kan du i webinaret også sjå eksempel på folk som har nytta seg av livslang læring-tilbod, til dømes Astrid Synnøve Rosten frå Odda som har teke sjukepleie på deltid - noko som gjorde ho kunne bli buande der ho var og halde fram med å jobbe samstundes som ho tok utdanning. Tomteutviklar Henning Berge fortel om eit kortare kurs innan kommunikasjon og forhandlingsteknikk, og assisterande kommunedirektør Frode Vik frå Vanylven fortel om korleis den vesle kommunen på Møre fekk eit stort kompetanseløft ved å få eit skreddarsydd kurs innan organisasjon og leiing for sine tilsette. Dette resulterte i at eit titals personar som hadde teke deltidsutdanninga enda opp i leiarstillingar.
«Frå eingongsbillett til klippekort» er eit anna uttrykk for visjonen for korleis utdanning skal sjå ut i framtida. Slik er desse tre alle eksempel på ei retning innan høgare utdanning som vi vil få sjå meir av framover.