Faglunsj Sogndal

Faglunsjane er uformelle arrangement der ein fagtilsett eller ein forfattar presenterer eit tema eller ei bok, gjerne i samtale med ein vert, og der publikum har høve til å stille spørsmål. Faglunsjen skal vere ein arena for å formidle fag og forsking på tvers av fagområde og avdelingar.

Faglunsjane går som regel føre seg éin gong i månaden, oftast på ein torsdag i tida 11:45-12:15.                                              

Til faglunsjen kan publikum ta med matpakka, medan biblioteket serverer te, kaffi og sjokolade. Alle er velkomne!

Tidlegare faglunsjar

Faglunsjar har vore tradisjon i biblioteket Sogndal sidan 2013 (opp til 2022 heitte det "bokkafé"). Her er arrangement frå dei siste åra:

2024

  • Faglunsj og bokslepp: Deltakende læring. Med Lene Taraldsen og Frode Haara
  • Bokslepp: Didaktiske praksiser i lærerutdanning - steder i et landskap. Med Gunn Helene Engelsrud, Reidun Nerhus Fretland, Håvard Grøteide og Matthew Shaw
  • Pål Berg Svenungsen: Historieformidling og LEGO - fra pandemi til Instagram

2023

  • Brynjulf Jung Tjønn: Ei kvit verd. Å skrive om adopsjon, oppvekst og identitet
  • Hilde Corneliussen - bokslepp: Women doing IT for themselves
  • Roger I. Hestholm - bokslepp: Sosiologisk analyse
  • Mai Camilla Munkejord: La masken falle (i auditorium Josten)
  • Yngve Skjærseth Nilsen - bokslepp: Den moderne fysiologiens historie i Skandinavia
  • Inge Kjell Holme: Heltane i mine naturreiser. Forsvinninga som gav DNT nytt liv (i auditorium Storen)
  • Trude Bukve m.fl. - bokslepp: Språkspor. Språk, stad og didaktikk.
  • Christian Frøyd: «Mental energi: Energiomsetning og prestasjon - hva kommer først, høna eller egget?"
  • Sigrid Sandal: Korleis fekk transpersonar i Noreg eit helsetilbod?
  • Irina Pavlova: Studentars perspektiv på obligatorisk praksis
  • Morten Hammerborg: Bergensaren - ein historisk analyse
  • Thorbjørn Kaland - bokslepp: Spor i is
  • Jon Naustdalslid: Klimatrusselen: Krise for demokratiet?
  • Berit Slåttum: Kunsten på Campus Sogndal
  • Paneldebatt: Korleis kan universitetssektoren endre seg i møte med kunstig intelligens – Bjørn C. Weinbach, ordstyrar, Lise B. Gundersen, Marcin A. Fojcik, Knut Einar Øyangen og Kirsti Lunde
  • Sogn næring og Lunsj med påfyll: Sirkulære Sogn
  • Bjørn Christian Weinbach: Kunstig intelligens i akademia. Opptak tilgjengeleg på DLR.
  • Ane Bergersen: Global og interkulturell kompetanse gjennom utenlandspraksis?

2022

  • Tone Larsen og prosjektet Libertycommute/frihetspendling
  • Une Cecilie Oksvold med boka "Friluftsfersking"
  • Sigri Sandberg med boka "RO - Om Sognefjorden og ein lang rotur heim"
  • Mellom praksis og forsking - forskingssirkel til utvikling av kunnskap og praksis for barn sin medverknad i barnevernet - Merete Tunestveit
  • Barnehagelærerrollen: Mangfold, mestring og likeverd - Sigrid Bøyum og Lena Skjerdal
  • Restaureringsøkologi - Knut Rydgren. Opptak tilgjengeleg på YouTube

2021

  • Stadutvikling: Fjordantologien 2021 - Leif Longvanes og Kyrre Groven
  • Når bakkane glir ut - kan det varslast? - Stein Bondevik
  • Kjensla av leikeplassen: Ei kvalitativ undersøking av fem år gamle barn sine bevegelsespraksisar i barnehagen - Lillian Pedersen
  • Store tankar i små bygder?: Overlevingsevna blant familiebedrifter i norsk distriktsreiseliv - Agnes Brudvik Engeset
  • Å velje minoriserte språk: Språkpolitikk og språkval i akademia – Jorunn Simonsen Thingnes. Opptak tilgjengeleg på DLR.
  • Katrine Sele om Einars bok. Opptak tilgjengeleg på DLR.
  • Pedagogikk og humor – på godt og vondt – Kirsten Flaten. Opptak tilgjengeleg på DLR.

2020

  • AVLYST: Berekraftig verdiskaping - Leif Longvanes og Torbjørn Årethun
  • Maja Lunde og hennar forfattarskap
  • Verda mi smeltar - Line Nagell Ylvisåker
  • Om tre små studiestader i Norge – Terje Bjelle
  • Prospective associations between sedentary time, physical activity and cardiometabolic health in children : the Active Smarter Kids study (doktoravhandling) – Turid Skrede
  • Foreldreskap i eksil (doktoravhandling) – Kari Bergset
  • En kort introduksjon til korstogene - Pål Berg Svenungsen
  • Idrettsutdanningane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane – Kari Aaberge (måndag 15/6)

2019

  • What next for sustainable development? Our common future at thirty - Geoffrey Gilpin
  • Veiledning i praksis: grunnleggende ferdigheter – Jon Arne Løkke
  • Norsk språkhistorie - Oddmund Hoel
  • Barn på tvang (Avhandling) – Monika Alvestad Reime
  • Å skrive nynorsk og bokmål – Eli Bjørhusdal og Jan Olav Fretland
  • Fakta på ville veier – Ole Bjørn Rekdal
  • Innføring i statistikk og dataanalyse – Jon Ingulf Medbø
  • Friluftslivspedagogikk – Linda Hallandvik
  • Veiledning i praksis – Jon Arne Løkke
  • Middelklassekulturen i Norge : En komparativ sosiologisk historie – Roger Hestholm
  • Due og drone – Kjartan Fløgstad

2018

  • Nynorsk for dei minste – Eli Bjørhusdal m.fl. 
  • Valeria Jana Schwanitz og August Wierling The Imperatives of sustainable development
  • Betydningen av barns oppdagende skriving i barnehagen (Avhandling) – Hilde Hofslundsengen 
  • Mountain songs (Konsert) – Njål Vindenes og Vidar Austvik 
  • Kva er ei bok? – Vilborg Hovet 
  • Indices of physical activity, executive function, and academic performance among 10-year-old schoolchildren (Avhandling) – Katrine N. Aadland 
  • Diskursive ressursar i rusarbeid (Avhandling) – Lillian B.Selseng 
  • Barn og unge: By, sted og sosiomaterialitet – Sissel Seim 
  • Vellykket arbeid med vanskelig atferd – Torkjell Sollesnes 
  • Sogndal fotball 1988-2016 (Bokkapittel) – Joar Fossøy og Vegard F Moe 

2017

  • Til barnets beste (Avhandling) – Tone Jørgensen, ASF 
  • Handlingsrom og læringsmulighetar. En studie av vilkår for læring og kunnskapsutvikling ved sosialkontor og sjukeheim (Avhandling)  – Olina Kollbotn 
  • Livsløpsvurdering av biodrivstoff i høve til ei berekraftig utvikling (Avhandling) – Geoffrey Gilpin 
  • Jølster hotel: Historier frå eit asylmottak – Katrine Sele 
  • «Karakteren i seg selv gir jo ikke noe læring" (Avhandling) – Petter Erik Leirhaug .
  • Tid for ville vekster – Austad & Hauge 
  • Arbeidsnever (Noveller) – Jan Kristoffer Dale 
  • Global forståelse – Ane Bergersen 
  • Innovasjonsøkologi (Bokkapittel) – Jon Gunnar Nesse 
  • Soga om Sogn og Fjordane – Oddmund Hoel og Anders Timberlid 

Ta kontakt!

Vi hjelper deg med å formidle forskinga di.

Else Brita Ness