Administrasjon tips for Canvas i HVL

Her kan du som administrator legge inn korte brukartips som kan nyttast på t.d. startsida i Canvas.

MERK: Denne databasen oppdateres ikke lenger. Gå til www.hvl.no/canvas for oppdatert liste over tips.


Rydde i emnemenyen

Du kan tilpasse emnemenyen slik du vil ha den. Ta vekk / legg til / byt plass.

Kopiere grupper mellom emne

Har du ei inndeling av studentane i grupper som du vil bruke i ulike emne? Kopier gruppesettet!

Vurderingsoversikt i eldre emne

Når eit emne er avslutta er det ikkje så lett å finne tilbake godkjenningslista for obligatoriske arbeidskrav. Slik løyser du det.

Offentlege emne i Canvas

Vil du at andre enn dei registrerte studentane skal kunne sjå emnet ditt? Gjer det offentleg!

Kven har sett filmane mine i Kaltura?

Her kan du få ei oversikt over kven som har sett filmane du har delt i Kaltura.

Les CSV-filer

Du hr fått ei CSV-fil frå Canvas, og den ser heilt rar ut i Excel. Her er hjelpa!

Eksportere fagstoff til andre

Korleis kan du dele gode ting i Canvas med kollegaer ved HVL eller UiB (eller andre)?

Sjå Canvas som student

Bruk knappen "Studentvising" for å oppleve Canvas slik studentane dine gjer det. Det kan vere nyttig!

Bygge inn video på ei side

Du kan legge inn videoar på sidene i Canvas, anten som ei lenke eller som ein innebygd miniatyr ("embedding").

Finne eldre emne

Har eit emne forsvunne frå dashbordet? Du finn det under "Emne -> Alle emne".

Tekstboksar på ei side

Du kan legge inn korte faktaboksar som kjem opp når du klikker på dei.

Universell utforming

Her er to korte tips om universell utforming for sider du lagar i Canvas.

H5P og MATLAB i Canvas

Dette er to eksterne verktøy du kan bruke i Canvas. H5P er eit interaktiv verktøy, og MATLAB er eit numerisk beregningsprogram.

To quiz-verktøy

Canvas har to ulike quiz-verktøy. Dei har ein del forskjeller som er greie å setje seg inn i.

LaTeX i Canvas

Canvas har OK støtte for å bruke LaTeX, og den er i ferd med å bli betre.

Bokmerker i Kaltura

Har du ein lang film? Del den opp med bokmerker!

Få varsel frå Canvas

Du kan sjølv bestemme om du vil få varsel frå Canvas, og dette kan du stille inn på emnenivå. Eller generelt for alle emna dine.

Redigere sider i Canvas

Her er ei lenkesamling og nokre tips om korleis du kan redigere sider i Canvas.

Liste over studentane og kva dei gjer

No kan du lage ei liste over alt studentane dine har gjort i Canvas (kven har opna dei ulike sidene, og kor ofte har dei opna dei?)

Slå på nye funksjonar i Canvas

Du kan tilpasse emnet ditt ved å slå på/av ekstra funksjonar sjølv. 

Sjekkliste ved kopiering

Det er i alle fall to ting du bør tenke på når du skal kopiere frå eitt emne til eit anna:

1. Treng du kopiere alt?     2. Unngå lenkerote!

Bruk seksjonar

Har du fleire klassar i eitt emne i Canvas, og vil gi informasjon berre til ein av klassane? Bruk "seksjonar"

Rydde på dashbordet

Har du for mange ting på dashbordet? Vil du ha emne du er inne i ofte høgt oppe? Du kan gjere ein del ting sjølv.

Redde ting som er sletta

Har du ved ein feil sletta ei kunngjering, eller ei innlevering? Redninga er kanskje nærare enn du trur.

Historikken din i Canvas

No kan du få opp ei liste over sider i Canvas du har besøkt i det siste.

Dele ressursar med andre

Når du har laga noko i Canvas vil du gjerne dele det med kollegaer (eller studentar). No kan du gjere dette i Canvas på ein enkel måte. Og det beste: du kan dele med kven som helst ved HVL, uansett om de er i same emne eller ikkje.

Sjå denne rettleiinga.

Sjekk "fleire alternativ"

I Canvas er det ein del funksjonar som er godt skjult. Gå til "Innstillingar", rull heilt ned på skjermen, og klikk på den anonyme lenka "fleire alternativ" ("Flere valg").

Der har du ein masse val du kan slå av eller på. Mange kjenner kanskje det øverste valet: "Sjå nylege kunngjeringar på emnet si heimeside", men visste du at du kan tillate studentane å opprette wiki-sider i emnet, slik at du kan samarbeide meir med dei? 

Administrere innleveringar

To tips om å administrere innleveringar:

1. Setje ny frist for ein eller fleire studentar

2. Purre på dei som ikkje har levert

Er det lenkerote i emnet ditt?

Innimellom klager studentane over at det er lenker som ikkje virker. Ein av grunnane kan vere lenkerote. Her kan du sjå korleis du kan be Canvas om å finne alle lenker som av ein eller annan grunn ikkje virker.


Høgskulelektor
Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag
Overingeniør
Høgskulen på Vestlandet