I 2016 gjekk dåverande HiB, HSH og HiSF inn i ein innkjøpssprosess saman med fleire andre UH-institusjonar, for å velje ein felles læringsplattform for UH-sektoren. Anbodsrunden vart leia av Uninett, og Canvas vart vinnar av anbodet.
Om prosessen og val av leverandør
Nye undervisningsstrategiar og -former set nye krav til læringsplattform. Læringsplattformen Canvas er eit virtuelt klasserom som vil vere til støtte for både undervisning og læring.
Nokre hovudtrekk ved Canvas:
- Tilpassa både campus-, samlings- og nettbasert undervisning
- Verktøy som modulbasert oppbygging av emne, quiz og diskusjonsforum
- Ulike vurderingsformer
- Integrasjon med andre system som til dømes FS og Office 365