
Data-assistert rehabilitering etter hjerneslag (Dare)
Korleis kan data og ny teknologi gi betre rehabilitering etter hjerneslag? I Dare samarbeider helse- og teknologiforskarar om å utvikle løysingar som kan måle framgang meir objektivt og gi pasientane betre oppfølging.
Årleg får meir enn 12 000 personar i Norge og 12 millionar i verda hjerneslag, og dei aller fleste treng systematisk rehabilitering og opptrening etter slaget.
Pasientar med hjerneslag er blant gruppene med størst behov for langvarig og koordinert rehabilitering – med omfattande fysiske, kognitive og psykiske utfordringar. I dag er det lite eller ingen bruk av teknologi for objektive bevegelsesmålingar gjennom rehabiliteringsforløpet, og vurderingar er basert på klinisk skjønn, erfaring og tidsbruk hos den enkelte behandlar, supplert med analoge kartleggings- og scoringsverktøy og bruk av enkle instrument.
Ny teknologi og nye metodar
Prosjektet har som mål å utvikle ny teknologi og nye metodar for objektiv dataanalyse av bevegelse hos pasientar. Målet er betre planlegging av rehabiliteringsforløpet, betre og meir objektive målingar av progresjon, og betre funksjonsgrad – og eit betre liv – for pasientar etter rehabilitering.
På systemnivå undersøker vi korleis pasientar, pårørande, helsepersonell og ulike tenester samhandlar gjennom rehabiliteringsforløpet, og korleis organisering, informasjonsflyt og samarbeid kan forbetrast gjennom digitalisering. På individnivå undersøker vi korleis fysiske, psykiske og sosiale forhold påverkar rehabiliteringa, og korleis ein kan samanstille ulike data for betre innsikt i den enkelte pasienten si utvikling, motivasjon og meistring. Gjennom delprosjekta ønskjer vi å utvikle kunnskap og løysingar som kan bidra til meir samanhengande, individuelt tilpassa og datadriven rehabilitering.
Tverrprofesjonelt samarbeid mellom helse- og teknologimiljø
Prosjektet samlar forskarar på robotikk, helsetenester, innovasjon, tverrprofesjonelt samarbeid, fysioterapi og rehabilitering frå Fakultetet for helse- og sosialvitskap (FHS) og Fakultetet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap (FTMS), og samarbeider tett med Helse Førde, Helse Bergen og Hauglandssenteret.
Satsing på digital helse- og datassistert rehabilitering
Forskingsprosjektet er ein del av den strategiske universitetssatsinga ved HVL på Digital Helse, og bygger på fleire doktorgradsprosjekt på data-assistert progresjonsmåling og data-assistert rehabilitering som samarbeid mellom helsepersonell og pasient. Prosjektet kopler forsking på sensorteknologi, dataanalyse og kunstig intelligens med forsking på tjenesteinnovasjon og rehabilitering for gi betre rehabiliteringstjenester på tvers av spesialisthelsetjenesten, kommunale helsetjenester og heimen.
Mål for prosjektet
- Utvikle nye metodar for å måle og analysere objektive bevegelsesdata som måling av progresjon og effekt av rehabilitering – både i helsetjenesten og i heimen.
- Utvikle nye metodar for å representere data (som ein digital tvilling) som gir meining for spesialistar og generalistar i helsetjenesten, og for pasientar og pårørande heime.
- Kople somatikk, psykososiale tilhøve og trening, for undersøke faktorar som kan gje auka motivasjon for eigentrening og innsats
- Arbeide mot ein meir pasientsentrert samordna rehabiliteringstjeneste der pasientar opplever meir kunnskap, innsikt, ansvar og meistring i eige forløp.
Effekt og samfunnsnytte
Hjerneslag er ein av hovudårsakene til langtids uførhet og død, og krev vesentlege økonomiske ressursar i dagens helsesystem. Tradisjonell diagnostisering og rehabilitering er arbeidsintensivt med få datapunkt, og er subjektiv etter klinisk skjønn, erfaring og tidsbruk. Data-assistert rehabilitering kan gi kontinuerleg progresjonsmonitorering som kompenserer for menneskelege faktorar, og gi sanntidstilbakemeldingar om framgang og justeringar i treningsopplegg for å auke motivasjon og komplementere sjølvrapporterte data. Objektive data er avgjerande for å undersøke kva som er effektiv rehabilitering og for eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg.
Intensiv rehabilitering med tettare oppfølging av pasienter har vist at kostnader, innleggingstid, og delen pasientar som endar på institusjon kan reduserast betydeleg. Studiar viser også at rehabilitering med bruk av teknologi heime kan redusere kostnader opp mot 80 prosent samtidig som pasientane har stor forbetring i funksjonsgrad. Per i dag returnerer ca. 50 prosent av overlevande etter hjerneslag til arbeid, og berre ein lita forbetring av dette talet vil ha betydelege positive økonomiske og samfunnsmessige følgjer.
Data-assistert rehabilitering har stort potensiale for avlastning av helsepersonell, meir autonomi og persontilpassing i opptrening, og store moglegheiter for betre kvalitet i rehabilitering på tvers av sjukehus, kommune og heimen. Rehabilitering er ein samfunnsutfordring som krev ein radikal tverrfagleg tilnærming i form av eit samarbeid mellom teknologiutvikling, tenesteutvikling og innovasjon.
Slik blir prosjektet gjennomført
Prosjektet vil gjennomføre LivingLabs og tverrfaglege workshops med brukarar, behandlarar og forskarar, og ein postdoktor skal jobbe med kunstig intelligens og maskinlæring for data-assistert rehabilitering. Søknader om ekstern prosjektfinansiering vil vere ein vesentleg aktivitet i prosjektet.
Prosjektgruppa ved HVL samarbeider tett med overlege Eirik Vikane ved Haukeland universitetssjukehus og med forskingsleiar Tarja Kvalheim ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, og Helse Førde er ein integrert forskingspartnar i prosjektet. I tillegg samarbeider prosjektet med Helse Vest IKT, kommunar i Vestland, ulike brukarorganisasjonar, og eit breitt internasjonalt nettverk i prosjektet.
Prosjektleiarar
Nøkkelpersonar ved HVL
- Jeanette Svarstad
- Raquel M. Tirach
- Merethe Hustoft
- Gizem Ates Venås
- Joost Van Wijchen
- Yngve Lamo
- Øystein Stavø Høvig
- Alireza Aliyari
- Laurenz Elstner
- Frederico Klein
- Tarja Kvalheim (ekstern)
- Eirik Vikane (ekstern)