Endring av kollektiv kunnskap i barnehagen

Hege Fimreite disputerer 11. 2. 2022 for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga "Kollegarettleiing og endring av den kollektive kunnskapen i barnehagen".

Kan kollegarettleiing medverke til å endre den kollektive kunnskapen i barnehagen?

Fimreite har i si doktorgradsavhandling undersøkt korleis systematisk kollegarettleiing i gruppe kan bidra til læring og utvikling i barnehagen. Fimreite definerer barnehagelæraren som ein profesjonell yrkesutøvar med ansvar for kvalitet i barnehagen. I denne rolla treng barnehagelæraren arbeidsformer og læringsaktivitetar som støttar opp om kvalitetsutvikling.

Avhandlinga viser at systematisk kollegarettleiing kan vere ein mogleg innfallsvinkel til utvikling og læring i barnehagen. Denne aktiviteten kan fungere støttande for dei tilsette i møtet med formelle krav og system rundt barnehagen. Funna viser at strukturen og systematikken knytt til  kollegarettleiinga kan fremje læring og bevisstgjering om eigen praksis. Ein føresetnad er likevel at grupperettleiing er ein aktivitet som varer over tid, og at den føreset eit kritisk, reflektert og analytisk blikk på praksis. Funna framhevar kor sentralt ein fagleg rettleiar er for utvikling av profesjonelle læringsaktivitetar, og at støtte frå leiinga viser seg som grunnleggande viktig for kollektivt engasjement og læring.

Barnehagen som fellesskap har vore det sentrale omdreiingspunktet i avhandlinga. Den synleggjer læringsprosessar som kan medverke til endringar i den kollektive kunnskapen i barnehagen, og barnehagelærarane sin danningsprosess som profesjonsutøvarar. Fimreite peikar på at barnehagelærarane sin eigarskap til læringsaktivitet, saman med tilpassing av aktivitetane til lokal kontekst, framstår som ein nøkkel til utvikling og læring. Det same gjeld samarbeid med eksterne aktørar, som også ser ut til å vere ein mogleg viktig faktor.

Fimreite konkluderer med at gjennom systematisk kollegarettleiing kan barnehagelærarar gripe overordna diskursar om eiga profesjonalisering, og granske desse i lys av både eksterne politiske krav og indre fagkunnskap. Slik kan systematisk kollegarettleiing medverke til bevegelse i den kollektive kunnskapen i barnehagen.

Avhandlinga byggjer på analyser av ulike samtalar og metasamtalar der barnehagelærarane sine forståingar av eigen praksis er i sentrum. Aksjonsforsking er valt for å søke kunnskap i prosess, med mål om å endre praksis og utvikle ny kunnskap i barnehagen. Kasusstudie med få deltakarar er valt for å få nærkontakt med barnehagelærarane sine eigne refleksjonar om eigen praksis.

Avhandlinga har relevans både for barnehagar, styresmaktene, barnehagelærarutdanning og ulike vidareutdanningar. I styringsdokumenta er barnehagelærarane lite framheva som profesjonsgruppe, og rettleiing er i liten grad retta mot barnehagelærarane sitt læringsfellesskap.

Personalia

Hege Fimreite (f. 1971) er busett i Sogndal, har hovudfag i førskulepedagogikk og er høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag. Fimreite var før stipendiatsperioden instituttleiar for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho er ph.d. kandidat ved HVL sitt ph.d. program Danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Hovudrettleiar for avhandlinga er dosent Øyvind Glosvik (HVL) og medrettleiar er professor Thomas Moser (UiS).

 


fimreite_hege_lite.jpg

Disputas

11. februar, kl. 10.30
Auditorium Storen, campus Sogndal - og zoom (Passord: 228109/ Møte ID: 673 9708 2916)

  • Førsteopponent: professor Janicke Heldal, MF vitenskapelig høyskole/Høgskulen på Vestlandet (setteopponent)
  • Andreopponent: professor Ulf Blossing, Göteborgs universitet
  • Bedømmelseskomitéens leder: førsteamanuensis Eirik Sørnes Jenssen, Høgskulen på Vestlandet

Professor Rachel Elise Jakhelln, UiT Norges arktiske universitet, har inngått i bedømmelseskomitéen for avhandlingen, men er forhindret fra å delta på disputasen, og professor Janicke Heldal er derfor oppnevnt som settemedlem denne dagen.

Prøveforelesning

11. februar, kl. 9.00
Auditorium Storen, campus Sogndal - og Zoom (Passord: 228109/ Møte ID: 673 9708 2916)

)

Følgende tema er gitt for prøveforelesning:

«Hvordan legge til rette for rettleiing i gruppe i alle norske barnehager med formål om å utvikle kollektiv læring og en sterk profesjonell virksomhet? Muligheter og utfordringer i lys av teori og praksis.»