Forskaren i fokus – Charter and Code

Ved Høgskulen på Vestlandet arbeider vi kontinuerleg for at forskarar skal ha ryddige og gode arbeidstilhøve, ei føreseieleg fagleg utvikling og eit inkluderande og stimulerande arbeidsmiljø.

Hausten 2023 skal HVL etter planen søkje om HR Excellence in Research Award, som vil vere eit prov på at institusjonen har kontinuerleg arbeid med kvalitetsforbetring av arbeidsvilkåra for forskarar, i tråd med kommisjonen sine retningslinjer; kort omtalt som Charter and Code. EU-kommisjonen har utvikla verktøyet HRS4R (HR Strategy for Researchers) for å støtte institusjonar i arbeidet med å sørge for at forskarar har arbeidsvilkår som til ein kvar tid speglar internasjonale krav, vilkår og forventingar. Nemnde HR Excellence in Research Award er eit viktig steg i denne prosessen.

I arbeidet med HRS4R har HVL utarbeidd en Handlingsplan for arbeidet for 2024-2025. Denne inneheld ulike tiltak innanfor dei seks områda «Karriere og fagleg utvikling», «Samhandling og informasjonsflyt», «Arbeidstilhøve», «Etikk», «Mobilitet» og «Rekruttering». Det er oppnemnt ei styringsgruppe og ei referansegruppe som skal følgje arbeidet tett. I tråd med HRS4R skal HVL gjere ei eigenevaluering etter to år, og deretter skal HVL sitt arbeid med HRS4R evaluerast kvart tredje år av EU-kommisjonen.

Dokumentasjon

Høgskulen sin søknad om HR Excellence in Research:

Meir om Charter and Code og HR Excellence in Research

Charter and Code (C&C) skal sikre at forskarar har same rettar og plikter i alle europeiske land.

C&C er eit sett med generelle prinsipp og krav vedtekne av EU-kommisjonen, som spesifiserer rollene, ansvaret og rettane til forskarar og arbeidsgjevarane deira. Målet med C&C er å sikre at forholdet mellom forskar og arbeidsgjevar inspirerer til gode resultat når det gjeld å skape, overføre, dele og formidle kunnskap og teknologisk utvikling, og som også oppmodar forskarar til karriereutvikling. C&C skal også vere ei anerkjenning av verdien av alle former for mobilitet som eit middel til å styrke den faglege utviklinga til forskarar.

C&C rettar seg mot alle forskarar i institusjonen uansett stadium i karriera, omfattar alle forskingsfelta uavhengig av tilsettingsforhold, og tek omsyn til at forskarar fyller ei rekkje ulike roller også innanfor rettleiing, mentorverksemd, leiing og administrasjon. Gjennom C&C skal forskarar og arbeidsgjevarar oppmodast til å opptre ansvarleg og profesjonelt og til å anerkjenne kvarandre som fagpersonar.

Ti norske universitet og høgskular har allereie oppnådd HR Excellence in Research Award. Denne synleggjer då at alle desse har eit kontinuerleg kvalitetsarbeid for å sikre at institusjonane oppfyller C&C. Krava og prinsippa i C&C gjeld innanfor felta Etiske og profesjonelle aspekt, Arbeidsforhold og sosial tryggleik, Opplæring og karriereplanlegging og Rekruttering. No er målet at HVL skal bli den neste norske høgskulen med denne utmerkinga.

Her kan du lese meir:

Styringsgruppe

  • Organisasjonsdirektør Tage Båtsvik (leiar)
  • Prorektor for forsking Christine Øye
  • Prodekan for forsking Marjolein Memelink Iversen, FHS
  • Prodekan for forsking Vegard Fusche Moe, FLKI
  • Prodekan for forsking Stig Erik Jakobsen, FTMS
  • Hovudtillitsvalt Tone Skjerdal
  • Professor Helle Asgjerd Oltedal, FTMS
  • Førsteamanuensis Matthias Paetzel, FTMS

Referansegruppe

  • Nestleiar Elin Kvaale, AFII
  • Nestleiar Anne Marit Morken, HR
  • Ass. instituttleiar Ane Kristiansen Solbraa, FLKI
  • Fagseksjonsleiar Anny Aasprang, FHS
  • Høgskulelektor Jorunn Aske, FLKI
  • Førsteamanuensis Ellen Johanne Svendsbø, FHS
  • Forskingsgruppeleiar Laila Margaret Nordstrand Berg, FØS
  • Professor Karl Albert Brokstad, FIN
  • Koordinator for ph.d.-program i datateknologi Håvard Helstrup
  • Administrativ koordinator for ph.d.-program i helse, funksjon og deltaking Rachel Gershuny Berge

Kontaktperson

Fagansvarleg for rekruttering
Avdeling for HR