Heidi (69) har gult belte i taekwondo: - Kroppen min kjennes heilt annleis ut og eg ser lyst på livet
Djup konsentrasjon. Høge spark. Raske handbevegelsar.
69- år gamle Heidi er på taekwondo-trening. Saman med rundt 40 andre eldre deltek ho i eit forskingsprosjekt i regi av Høgskulen på Vestlandet (HVL). Den yngste er 60 år, den eldste heile 87. Gjennomsnittsalderen for deltakrane er 69 år.

HVL- forskar Vegard V. Iversen leiar prosjektet som skal sjå på kva helsegevinstar eldre kan ha av å trene taekwondo.

Eit år inn i prosjektet viser førebelse resultat at treninga gir deltakarane betre helse.

– Eg var ganske langt nede, på alle måtar. No ser livet veldig lyst ut, seier Heidi.
For eit år sidan blei Heidi pensjonist. Ho slutta i jobben som hjelpepleiar, og dagane blei plutseleg lange og meir einsame. I løpet av dei siste åra har ho og hatt to drypp og eit lite slag. Helsa er blitt dårlegare.
– Eg grua meg til å begynne med taekwondo. Eg var i veldig dårleg form. No er eg så glad for at eg blei med. Balansen min er mykje betre og eg er sterkare i kroppen. Kroppen min kjennes heilt annleis ut, og prognosane mine er betre, fortel Heidi.
– Før var dørstokkmila veldig lang, no spring eg ut døra, ler ho.
Størst skilnad i balanse
Forskingsmetoden Iversen og kollegaane brukar for å måle helsegevinstar er ein såkalla randomisert kontrollert studie. I starten av studien blei deltakarane delt inn i to grupper, der den eine gruppa trena taekwondo i 10 veker, medan kontrollgruppa ikkje trena. For begge gruppene blei det gjort ei rekke målingar før treninga starta og etter 10 veker.
Deltakarane fekk målt blodtrykk, styrke i over- og underkropp, rørsle, balanse, uthaldenheit (oksygenopptak), samt muskel- og feittmasse og beintettheit i kroppen. Resultata viste betre balanse, auka styrke i bein og overkropp, meir muskelmasse og auka rørsle hos dei som trena.
– Det var ganske store skilnadar mellom dei to gruppene etter berre 10 veker med trening. Alle målingane var betre for gruppa som trena og alle var signifikante, med unntak av oksygenopptak. Aller størst var skilnaden når det gjaldt balanse, seier Iversen.
Han fortel at mange hadde dårleg balanse før dei byrja å trena, og at det var balansen deltakarane sjølv var mest spent på då dei starta prosjektet.
Kan spare samfunnet for store utgifter
I starten av 2025 kom Folkehelseinstituttet med ein rapport om helseutgifter i åra framover. Utilsikta skader, som fall blant eldre, er på fjerdeplass over det som vil auke mest i utgifter fram mot 2050.

– Med tanke på at vi blir langt fleire eldre framover er det viktig å finne tiltak som forebygger fall og gjer at eldre kan klare seg sjølv lengre.

– Trening som bedrar balansen kan være et slikt tiltak, og vil kunne spare samfunnet for store utgifter, seier Iversen.

Iversen er imidlertid vel så opptatt av korleis betre helse og balanse verker inn på livskvaliteten til eldre.
– God balansen og god fysisk form er viktig for å forebygge fall, men det har og mykje å seie for livskvalitet hos eldre. God balanse gjer dei tryggare i kvardagen, seier Iversen.
– Mange har fått meir sjølvtillit og dei klarer meir sjølv etter at dei starta med taekwondo. Den aller viktigaste effekten av treninga er at deltakarane, samla sett, får ein betre kvardag, seier Iversen.
Burde vore obligatorisk
Kåre Bakken (87) er den eldste i gruppa. Han bur i ein seniorbustad, men førebels sit han lite i godstolen. I desse dagar er han med på å bygge fellesrom der dei blant anna skal ha systove, keramikkverkstad og bar.
Han gler seg til å gå på trening.

– Eg kjenner på heile kroppen at den er blitt betre og sterkare. Eg har alltid vore aktiv, men byggeprosjekta går verkeleg unna etter at eg starta med taekwondo, ler han.

Han har ei klar melding til helsemyndigheitene.

– Eg håper myndigheitene ser verdien av denne treninga slik at endå fleire eldre kan delta. Det burde vore obligatorisk for alle over 60 år, seier Kåre.
I tillegg til fysisk målingar, svarer deltakrane i prosjektet på eit spørjeskjema som skal måle livskvalitet. Desse skal analyserast seinare, men både Kåre og Heidi trekker fram det sosiale med treningane. Å ha noko å gå til, å møte andre. Dei trenar to dagar i veka, og etter trening på fredagen samlast dei for kaffi, frukt og grønsaker.
– Eg heldt på å gå på veggene då eg slutta å jobbe. Eg hadde ingen å prate med og eg var einsam. Det er så mange som burde fått eit tilbod som dette, seier Heidi.
Ønsker å måle effekt over lengre tid
Vegard V. Iversen har lang fartstid innan taekwondo. Han er hovudtrenar for Bergen taekwondo-klubb og regionsleiar for taekwondo i Vestland. Han fortel at taekwondo ikkje berre handlar om fysisk trening, men og om det mentale.
Deltakarane i prosjektet har fått utdelt pensum. Dei må lære koreanske ord og uttrykk og pugge ulike mønstre som dei skal utføre i ei bestemt rekkefølge når dei tek beltegradering. Kognitive testar, som blant anna målar hukommelse og reaksjons- og vurderingsevne, er og ein del av forskingsprosjektet.
– Vi såg ikkje skilnad på dei kognitive testane mellom dei to gruppene etter 10 veker. Det var nok for kort tid, men det blir spennande å sjå om målingane etter eitt år viser endringar samanlikna med testane vi tok før treninga start, seier Iversen.
Han har no søkt Regionale komité for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk (REK) om å forlenge prosjektet i eitt år, slik at han og kan måle helseeffektar av taekwondo-trening over eit og eit halvt år.
– Det er få studiar som har målt effekt av kampsport-trening for eldre over så lang tid, seier han.
Nøkkelen til god helse
Det er svært lite fråfall i studien, noko som og er grunnen til at han ønsker å måle effekt over enda lenger tid.

- Eg trur noko av grunnen til at det er lite fråfall, er at dei som er her synes det er kjekt og sosialt å drive med taekwondo, seier Iversen.

- Nøkkelen for å få betre helse og livskvalitet er å finne ein aktivitet som ein synes er gøy å halde på med og som blir varig.

- Med eldrebølga som kjem no, må vi finne tiltak som både har god effekt og som eldre vil halde på med over tid. Det vil både gi stor gevinst for den enkelte, og for folkehelsa, seier Iversen.
I taekwondo-salen i Haukelandshallen er det djup konsentrasjon, høge spark og raske handbevegelsar. Men smilet og latteren sit og laust.
I løpet av året som har gått, har alle deltakarane i prosjektet fått gult belte. Mange av dei vil helde fram med taekwondo, også etter at prosjektet er avslutta.
– Eg gir meg ikkje før eg får svart belte, ler Heidi.
Tekst: Alexandra R. Tufteland
Foto: Mauricio Pavez

