Digihand

Wenke Mork Rogne m. fl., Høgskulen i Volda

DigiHand er eit forskingsprosjekt som undersøker bruken av ulike skriveverktøy og korleis denne påverkar handskrift- og skriveutviklinga til 585 elevar i første klasse over 2 år. I prosjektet undersøker vi korleis elevane si skriving på nettbrett og for hand utviklar seg blant dei forskjellige vilkåra, og kva for undervisningspraksisar som kjem til syne i 33 klasserom gjennom 2 år. Foreløpige resultat viser at det er forskjellar i korleis det vert arbeidd med digitale verktøy og bokstavprogresjon og tilbakemeldingspraksisar. Rogne vil presentere funna frå dei ulike delprosjekta i DigiHand.

Les meir om forskingsprosjektet her.