Leik i norskfaget
Magnhild Selås, UiA, og Tone Helene Skattør, NLA
Teoretisk grunnlag og praktiske døme frå arbeidet med boka Leik i norskfaget (Fagbokforlaget, 2023). Boka Leik i norskfaget har som målsetjing å vise korleis ein kan bruke leik i norskfaget til å skape fellesskap og meining, for å lære bort lesing, skriving og munnlege ferdigheitar, og som ein danningsarena. Boka diskuterer ulike måtar å forstå leik på, og gjennom teoretisering, konkretisering og døme argumenterer forfattarane for å gje leiken og det leikande plass i norskfaget i grunnskulen.