Tastaturbo

Stadig fleire elevar får eigne digitale einingar, og behovet for god tastaturopplæring aukar. Tastaturbo er eit gratis, universelt utforma nettprogram som hjelper barneskuleelevar å lære touch-metoden.

Mange elevar har no tilgang på eigen digital eining, og det vil vere ulikt korleis skular legg opp til øving på skriving på tastatur.

 
Tidligare masterstudent på IKT i læring på HVL, no tilsett i Statped fortel om utviklinga av tastaturtreningsprogrammet Tastaturbo. Tastaturbo er eit gratis, universelt utforma tastaturtreningsprogram som er nettbasert og plattformuavhengig. Målgruppa er barneskuleelevar som skal lære seg touch-metoden.

Les meir om Tastaturbo på Statped sine nettsider.