Teater i matematikk
Mona Røsseland, HVL
Korleis kan idéar frå drama og teater bidra til at elevane blir meir utforskande og delaktige i sin eigen læringsprosess i matematikk? Føredraget er basert på erfaring frå et forskingsprosjekt mellom fire europeiske land og forskarar frå to ulike fagfelt. Den teatralske ramma skapar ein kreativ, leiken og tillitsfull atmosfære. I staden for å få matematisk kunnskap formidla av lærararar, blir elevane utfordra til å vere intellektuelt nysgjerrige slik at dei kan utvikle sin egen forståing. Bruk av teater i matematikk gir ein meir heilskapleg tilnærming til læring som inkluderer sinn og kropp, medfødt kreativitet og engasjement.
Les meir om prosjektet her.