SMH-dagene 2024: Invitasjon til konferansebidrag
Frist for innlevering gjekk ut 10. desember 2023!
SMH er Norsk bibliotekforenings spesialgruppe for medisin og helsefag og arrangerer SMH-dagane annakvart år i samarbeid med lokal arrangementskomite.
Tema for SMH-dagene 2024 er «Digital utvikling i bibliotek».
Bidraga kan handle om:
verktøy, undervisningsformer, kunstig intelligens, utvikling av prosessar i kunnskapsoppdateringar, nye tenester i bibliotek, digital kompetanse for bibliotekarar, digital marknadsføring eller det menneskelege aspektet i alt det digitale
Har du eit prosjekt, har laga eit opplegg, eit verktøy, eller noko anna gøy du har lyst til å presentere for bibliotekarkollegaer?
Då bør du sende inn samandrag til
- Poster (ståande format, A0) + 1 min presentasjon i plenum
- Workshop - 45 min - ein workshop består av ei kort innleiing og aktivitetar for deltakarane
- Presentasjon i plenum - 30 min (20 min presentasjon og 10 min til spørsmål)
- Presentasjon i parallellsesjon - 20 (15 min presentasjon og 5 min til spørsmål)
Samandraget du sender inn bør vera på 300-600 ord.
Bruk dette skjema for ditt konferansebidrag konferansebidrag til SMH-dagane 2024
Ny frist for innsending av forslag til bidrag er 10.desember 2023.
Du får beskjed 15. desember 2023 om bidraget ditt får plass på SMH-dagane 2024
SMH-dagene vert arrangert av lokal arrangementskomite frå HVL, UiB og VID på vegne NBFs spesialgruppe for medisin og helsefag (SMH).
Velkommen!