Grafikk som viser blå skog med "TILHUG" med oransje skrift oppå. Undertekst: Høgskulen på 
 oktober Vestlandet, Campus Stord og Moster AMFI. 15. - 17. oktober 2025

tilHUG

Eit symposium om å møta klimaendringar og naturtap gjennom kunst, kultur og framtidstru.

15. - 17. oktober 2025 er du invitert til HVL campus Stord for eit 3-dagars tverrfagleg symposium som set fokus på menneskes forhold til naturen og korleis kunstfaga kan samarbeide med andre fag for å bidra til å gi kunnskap, handlingsvilje og handlingsevne og dermed tru på framtida i møte med klimaendringar og tap av natur. 

"tilHUG er sett saman av til og hug, og kan oversettast med "tilbøyelighet". Hug tyder tanke eller sjel, og i folketrua vart hugen sett på som fri til å reisa uavhengig av kroppen og til å påverke andre menneske og dyr. Ved å velge tilHug som navn på symposiet, ynskjer me å invitera til å trekkje lange linjer bakover og framover og reflektera rundt myteskaping, tru, viten, endringsvilje og endringskraft"

Dagane vil innehalda eit variert program med utstillingar, konsertar, teater, verdisamtalar, presentasjonar, workshops og foredrag. Detaljane i programmet er fortsatt under arbeid og vil bli offentleggjort i nær framtid.

tilHUG er initiert av ei faggruppe ved HVL campus Stord, og vert organisert og arrangert som eit samarbeid mellom HVL, NLA, Høgskulen i Volda, GeoPark Sunnhordland og Sunnhord Museum.

 


Førstelektor
Institutt for kunstfag