Policy for forsking
Policy for forsking ved HVL blei vedteken av høgskulestyret 20. november 2025.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal vera eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet med ein tydeleg forskingsprofil. Forskinga vår gjev ny kunnskap, løyser samfunnsutfordringar og bygger sterke profesjonar. HVL fremjar nysgjerrigheit, originalitet og akademisk fridom. Me skal driva kritisk og uavhengig forsking av høg internasjonal kvalitet som både adresserer komplekse utfordringar, fremjar berekraftig utvikling og omset forsking til verdiskaping for samfunnet.


Mål 1: Dei profesjons- og arbeidslivsretta utdanningane våre skal dekka kompetansebehov i framtida.
Me driv forskingsbasert utdanning som gjev studentane våre innsikt i forskingsprosessen og forståing for betydinga av forskingsbasert kunnskap.
HVL skal:
- Styrka kunnskapsgrunnlaget om og utøving av forskingsbasert og forskingsintegrert undervising.
- Involvera studentar i forsking som del av vår undervising, utdanning og praksis.
- Bruka praksis i utdanningane som ein arena for gjensidig kunnskapsutveksling og samskaping for forsking og fagleg utvikling.
- Sikra at forskarutdanningane held høg vitskapleg kvalitet og har arbeidslivsrelevans.

Mål 2: Forskinga vår held høg internasjonal kvalitet og er med på å forma samfunns- og arbeidslivet.
Me utfører forsking av høg kvalitet etter akademiske grunnverdiar, der kritisk refleksjon, integritet og openheit er viktig. Høgskulen varetek langsiktige forskingsperspektiv og bygger forskingskultur. Me er nyskapande, berekraftig, tett på samfunns- og arbeidsliv og utviklar sterke forskingsmiljø med regionalt, nasjonalt og internasjonalt nedslagsfelt.
HVL skal:
- Driva ansvarleg forsking forankra i anerkjente forskingsetiske normer.
- Identifisera og prioritera ressursar til framifrå fagmiljø og til tematiske satsingsområde.
- Fremja radikalt tverrfagleg samarbeid som evnar å løysa komplekse kunnskapsutfordringar.
- Utforma målretta plan og tydelege prioriteringar for å verta vertskap for eit nasjonalt leiande senter, til dømes Senter for Framifrå Forsking/Senter for Forskingsdriven Innovasjon.
- Auka deltakinga i EU sitt rammeprogram for forsking og innovasjon og utvikla ein langsiktig plan for innhenting av midlar frå Det Europeiske Forskingsrådet (ERC).
- Vera aktive bidragsytarar i internasjonale forskingsnettverk.
- Styrka næringslivsretta forsking og forskingssamarbeid med offentleg, privat og frivillig sektor.
- Skapa målretta insentiv, i samsvar med strategiske prioriteringar, for å styrka forskinga vår og vera ein attraktiv arbeidsplass.
- Ivareta forskingssikkerheit ved å sikra balanse mellom openheit og aktsemd og driva ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid.
- Arbeida for etablering av ny forskingsinfrastruktur av nasjonal verdi og vidareutvikla vår forskingsinfrastruktur i samråd med fagmiljøa.
- Ha gode system for informasjonssikkerheit og personvern.
- Ivareta og synleggjera berekraftsperspektivet i forskinga vår.
- Vidareutvikla kunstfaglege forskingsformer (KFF).


Mål 3: Ansvarleg innovasjon pregar samhandlinga vår med samfunns- og arbeidsliv.
Høgskulen har ansvar for at kunnskap og resultat frå forskinga vår skal kunne takast i bruk. Forskinga vår skjer i tett samspel med samfunnet rundt oss og skal bidra til innovasjons- og utviklingsprosessar som støttar opp om sosial, miljømessig og økonomisk berekraft.
HVL skal:
- Auka gjennomslag i eksternfinansierte innovasjonsprogram og andre relevante utlysingar, særskilt gjennom Forskingsrådet og EU sitt rammeprogram for forsking og innovasjon.
- Fremja forskingsbasert innovasjon og vidareutvikla det tette samarbeidet med offentleg og privat arbeidsliv.
- Stimulera til meir innovasjon og auka konkurranseevne i regionen ved å integrera forskingsbaserte innovasjonsmiljø med regionale og internasjonale partnarar.
- Styrka kommersialisering av forskingsbasert innovasjon i samhandling med Vestlandets Innovasjonsselskap (VIS).
- Auka talet på nærings- og offentleg sektor ph.d.-kandidatar ved tettare samhandling med relevante aktørar i vår region.

Mål 4: Organisasjonen vår er kjenneteikna av at me søkjer forbetring.
Me styrker forskinga og etablerer langsiktige forskingssatsingar, samstundes som me sikrar ein mangfaldig og inkluderande forskingskultur.
HVL skal:
- Styrka forskingsleiarfunksjonen og syta for god forskingsleiing på alle nivå og på tvers av fakultet.
- Bygga forskingskultur der openheit, ansvarleg forsking, integritet og etikk er berebjelkar.
- Støtta aktive og robuste forskargrupper som har tydelege strategiske forskingsmål.
- Integrera ph.d.-kandidatane i fagmiljøa og synleggjere forskinga deira internt og eksternt.
- Vidareutvikla og oppretta tiltak innan karriereutvikling og rekruttering for å styrka forskinga og strategiske prioriteringar, og tilby opplæring som fremjar forskarane sine ferdigheiter.
- Innretta og styrka administrativ støtte i samsvar med strategisk leiing og prioritering av forskingsaktivitet.
- Styrka kompetanse på utvikling og bruk av kunstig intelligens i forsking på ein ansvarleg måte.
- Ta del i evalueringsordningar, slik som fag- og temaevaluering organisert av Forskingsrådet, for å kunne forbetra og vidareutvikla forskinga vår.


Mål 5: Me er eit samskapande universitet med levande campusar som tek ei tydeleg regional rolle.
Forskinga vår spelar ei sentral rolle i den regionale utviklinga og bidreg til verdiskaping.
HVL skal:
- Ta ei leiande rolle i regionale initiativ som adresserer sentrale nasjonale og globale samfunnsutfordringar.
- Invitera regionale partnarar til samarbeid om eksternfinansierte forskings- og innovasjonsprosjekt.
- Styrka samskaping med regionale aktørar gjennom klyngesamarbeid, nettverk og partnarskap.
- Utnytta mogelegheitene i ARTEMIS-alliansen og utvida samarbeidet med alliansepartnarane i samhandling med dei regionale partnarane våre.

Mål 6: Me deler kunnskap og deltek aktivt i samfunnsdebatten.
Me formidlar forskinga vår i det offentleg ordskiftet og fremjar akademisk ytringsfridom. HVL bidreg med kunnskapsbaserte innspel og gjer dei tilgjengeleg for eit breitt publikum.
HVL skal:
- Auka andelen publiseringsaktive forskarar og forskingsmiljø og internasjonal sampublisering.
- Vektlegga kvalitet i formidling av forskingsresultat og styrka formidling av forsking internt og eksternt.
- Bygga tillit til forskinga ved å auka graden av openheit, inkludert deling av forskingsdata, publisera forskingsfunn fortløpande og nytta opne publikasjonskanalar.
- Påverka avgjerdstakarar og bidra til samfunnsnyttig bruk av kunnskap.
- Formidla kunnskap til allmenta for å styrka forskinga si samfunnsrolle og motverka desinformasjon.
Bilde: Mauricio Pavez og Ingvild Constance Festervoll Melien