Doktorpromosjon

Doktorpromosjonen ved HVL er ein årleg seremoni, der dei som er kreert som doktorar ved høgskulen siste året er hovudpersonar i ei høgtidleg feiring.

Neste promosjon finn stad torsdag 19. september 2024. Seremonien finn stad i Mimes Brønn, campus Bergen og vert etterfulgt av ei mottaking.

Se programmet for doktorpromosjonen (pdf).

Promosjonen blir streama frå kl. 13.00.

Informasjon til doktorane

Kven er doktorpromosjonen for?

Doktorpromosjonen ved HVL vert arrangert ein gong i året, campus Bergen. Promosjonen er for dei som har fullført doktorgraden (sidan førre promosjon). Nye doktorar vil få invitasjon i god tid før doktorpromosjon. Invitasjon vert sendt på e-post.

Kostar det noko?

Å vera med på doktorpromosjon og mottaking i etterkant er gratis. Dette gjeld både doktorar og gjester.

Prøvegjennomgang i forkant av seremonien

Sjølve promosjonen er nokså komplisert med innmarsj, merka sitjeplassar og utdeling av diplom i ei fast rekkefølgje. Dette er bakgrunnen for at du må vera med på informasjonsmøte og prøvegjennomgang i forkant av seremonien (same dag som seremonien vert halden). Du vil få informasjon om oppmøtetidspunkt.

Kan eg ta med familie og vener?

Du får invitasjon og online påmeldingsskjema der du kan registera inntil fire gjester.

Vert rettleiarane mine invitert?

Rettleiarar vert invitert av HVL via eigen invitasjon og påmeldingsskjema.

Fotografering

Gjester kan fotografera under seremonien, men med minst mogleg bruk av blitz. HVL sin eigen fotograf vil ta flotte bilete av seremonien og av kvar einskild doktor som mottek diplom. Det blir òg tatt fellesbilete av alle deltakarane i prosesjonen etter seremonien. Bilete vert gratis tilgjengeleg på nett i etterkant av seremonien.

Strøyming

Seremonien vert strøyma og kan følgjast av familie og vener som ikkje kan vera til stades.

Kor lenge varar seremonien?

Seremonien varar om lag 1,5 time. Etter seremonien er det fotografering av doktorane og mottaking med lett servering for alle påmelde gjester.

Antrekk

Under promosjonen vil høgskuleleiinga ha kapper. Doktorar stiller i pent antrekk.

Doktordiplom

Doktordiplom vert delt ut under seremonien. Om du ikkje kan møta på doktorpromosjonen, vil HVL senda doktordiplomet til deg i posten.

Spørsmål?

Du kan ta kontakt med komiteen for doktorpromosjon på e-postadressa doktorpromosjon@hvl.no

Tidlegare promosjonar

Opptak frå promosjonen 2022: