
MishMash – senter for KI og kreativitet
Forskingssenteret MishMash finn seg i skjeringspunktet mellom KI og kreativitet. Frå HVL bidrar fagmiljøet i kunstfag til senteret.
MishMash er eit norsk KI-senter finansiert av Forskingsrådet for perioden 2025–2030, leia av Universitetet i Oslo. Senteret har over 200 medlemmer frå ulike høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og samarbeider med ei rekke offentlege og private verksemder.
Hovudmålet til MishMash er å skape, utforske og reflektere om kunstig intelligens (KI) til, gjennom og i kreative praksisar. Forskarane våre undersøker KI sin innverknad på kreative prosessar, utviklar innovative, samskapande KI-system og utdanningsfaglege strategiar, i tillegg til at dei adresserer dei etiske, kulturelle, lovlege og samfunnsmessige implikasjonane av KI i kreative domene.
Frå HVL bidrar spesielt kunstfagmiljøet, med Tine Grieg Viig i spissen, til senteret. 13. januar arrangerte dei ein oppstartsverkstad, der dei blant anna undersøkte korleis KI påverkar kreative prosessar. Invitasjonen gjekk breitt ut, og alle som er interesserte i kreativitet og kunstig intelligens var velkomne til å delta.
Våre folk

Desse HVL-tilsette er involverte i senteret: Alice Demattos Guimaraes, Matthew Scott Landers, Zacharias Andreadakis, Hanne Maren Meldahl og Tine Grieg Viig.