Bruk i undervisning
Er du interessert i å bruke Praksisglimt i undervisning?
Du kan be om tilgang til alt materiell i Praksisglimt sitt videobibliotek, tilgjengeleg på Sharepoint gjennom bruk av Feide-pålogging. Grunna etiske forpliktingar og for at vi skal ha oversikt over kven som har tilgang må du søkje om tilgang.
Vi har to videobibliotek: eit med videoklipp frå skular, og eit med videoklipp frå barnehagar. Du kan få tilgang til begge biblioteka – då må du klikke på begge lenka.
Slik går du fram
For å bruke videoar frå Praksisglimt i undervisninga di må du samtykke til å halde deg innanfor retningslinene for bruk (dette gjer du inne på Sharepoint-området). Retningslinene inkluderar å ha eit positivt fokus, og er mellom anna bestemt av samtykke vi har samla inn frå deltakarane (føresette til barna/elevane som deltek i videoane). Du kan sjå eksempel på informasjonsskriv som ligg bak deltakarane sitt samtykke for barnehage og skule.
- Grunnskule
Du søkjer om tilgang til Praksisglimt sitt videobibliotek med klipp frå grunnskuler ved å klikke på denne lenka. - Barnehage
Du søkjer om tilgang til Praksisglimt sitt videobibliotek med klipp frå barnehagar ved å klikke på denne lenka.
Informasjon: Etter at du har samtykka til vilkåra og trykt «send» må du trykke på «aksepter vilkår og gå vidare» for å komme til videobiblioteket. Om du klikker på «VP» i øvste hjørnet kjem du tilbake til framsida for inngong til «barnehage» eller «grunnskule».