Informasjon til praksisfeltet
På denne sida kan du finne nyttig informasjon om praksisglimt retta mot praksisfeltet.
Kva betyr praksisglimt for lærarane i skule- og barnehage?
I Praksisglimt filmer vi interaksjonar mellom elevar/barn og lærarar for å kunne gi positive døme på korleis lærarar kan støtte elevar og barns læring og utvikling. Vi filmar heilt vanleg undervising og aktivitetar, og vel ut korte (venlegvis under 10 minutt) sekvensar som døme vi kan knytte til relevante pedagogiske og didaktiske teoriar i lærarutdanningane.
Som eit grunnleggande prinsipp meiner vi at det i einkvar time eller situasjon skjer noko som er bra, som lærarstudentar (og erfarne lærarar) kan lære noko av! Tilsette i praksisfeltet kan få tilgang til dei positive videodøma i Praksisglimt i samråd med profesjonelt vidareutviklingsarbeid.
Kontakt: karin.street@hvl.no.
Kan du tenke deg å bli filma av praksisglimt?
Vi vil gjerne ha kontakt med barnehagar/skular/lærarar som er interesserte i Praksisglimt. Dersom du vil la oss filme deg, må vi først informere føresette til elevane/barna det gjeld.
Vi har døme på informasjonsskriv (gå til: barnehage / skule) som vi kan tilpasse til din skule eller barnehage. Vi tek oss av alt det praktiske. Det vi treng frå deg er hjelp til å levere ut og samle inn samtykke. Vi tek óg ansvar for alt som gjeld av retningsliner og regelverk for personvern og forskingsetikk. Praksisglimt er vurdert av både SIKT og FETIKO (HVL sitt eige organ for vurdering av forskingsetikk), og våre prosedyrar er utvikla etter råd og i tett samarbeid med rådgivarar for forskingsetikk samt HVL sitt personvernombod.
Forskingsetikk og personvern
Innsamling og behandling av videodata er ikkje berre enkelt, men inneber krav til nøye vurderingar og prosedyrar. Praksisglimt er vurdert av både SIKT (tidlegare NSD) og FETIKO (forskingsetisk komité ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, HVL), og våre prosedyrar er utvikla etter råd frå og i tett samarbeid med rådgivarar for forskingsetikk samt HVL sitt personvernombod.
Har du spørsmål om Praksisglimt si behandling av data?
Ta kontakt med Karin Street.