Mål og bakgrunn

Her kan du lese meir om det langsiktige målet og bakgrunnen til prosjektet.

Mål for prosjektet

Hovudmålet med Praksisglimt er at eit lett tilgjengeleg bibliotek med autentiske videoar frå praksis skal bidra til meir praksisnær undervising og betre førebuing til læraryrket for lærarstudentar ved HVL. Det er ei kjent utfordring å synleggjere relevansen og koplinga mellom teori og praksis i lærarutdanningane. Dette ønskjer vi å leggje til rette for gjennom å tilgjengeleggjere klipp frå praksis som også er positive døme på praksis, og som er kopla til relevante teoretiske begrep og perspektiv i lærarutdanningane. Gjennom ei felles referanseramme for diskusjon bidreg videoane til utviklinga av studentane sin pedagogiske kompetanse og profesjonelle blikk relatert til arbeid i skule eller barnehage. 

Praksisglimt har oppretta eit digitalt bibliotek på SharePoint med videoklipp frå autentiske undervisings/læringsaktivitetar. Desse er tilgjengelege for alle tilsette ved HVL, som kan nytte klippa i eiga undervising av studentar.Eit digitalt bibliotek tilbyr klipp for undervisning og forsking, med respekt for etikk og personvern. Videoane støttar òg forsking og tilbyr eit realistisk innsyn i norsk skole- og barnehagekvardag. Vidare hjelper Praksisglimt med tilgang til relevant og praksisnær data for dei mange masterstudentane på GLU, som elles i stor grad må ut i skuler for å samle data. 

Bakgrunn

Forsking innan undervisingspsykologi (t.d. Lee & Anderson, 2013; Schunk & Zimmerman, 2007) framhevar at menneske lærar gjennom å observere modellar og dømer, med tilpassa grad av ekspertstøtte. Internasjonalt har bruk av video i utdanninga av lærarar auka i popularitet dei siste 10 åra. Gaudin og Chaliès,2015 vurderte over 200 studiar som omhandla bruk av video i lærarutdanning, og konkluderte med at video kan styrkje studentanes motivasjon, evne til å fokusere selektivt, samt deira undervisingspraksis.

Bruk av videoklipp kan og styrkje studentars meistringsforventningar (McConville & Lane, 2006). Samtidig er det viktig at videoane nyttast strategisk, og kan knytast til målet med undervisinga (Seidel et al., 2013). Nyleg forsking viser at det og er sentralt at videoeksempla opplevast som realistiske framstillingar av praksis (Seidel et al., 2022). Sjølv om forsking viser at bruk av videoeksempel er eit nyttig verktøy varierer bruken av videoar ved lærarutdanningane, og mangel på tilgang til videoar av høg kvalitet blir rapportert som ein av dei største hindringane for bruk (Christ et al., 2017). Praksisglimt møter dette behovet ved å tilby relevante og realistiske videoklipp for lærarutdanninga.

Forskingsetikk og personvern

Innsamling og behandling av videodata er ikkje berre enkelt, men inneber krav til nøye vurderingar og prosedyrar. Praksisglimt er vurdert av både SIKT (tidlegare NSD) og FETIKO (forskingsetisk komité ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, HVL), og våre prosedyrar er utvikla etter råd frå og i tett samarbeid med rådgivarar for forskingsetikk samt HVL sitt personvernombod.

Har du spørsmål om Praksisglimt si behandling av data?
Ta kontakt med Karin Street.

Referansar

  • Bandura, A. (1997). Self-efficacy: The exercise of control. W. H. Freeman and Co.
  • Christ, T., Arya, P., & Chiu, M. M. (2017). Video use in teacher education: An international survey of practices. Teaching and Teacher Education, 63, 22–35. https://doi.org/10.1016/j.tate.2016.12.005
  • Gaudin, C., & Chaliès, S. (2015). Video viewing in teacher education and professional development: A literature review. Educational Research Review, 16, 41–67. https://doi.org/10.1016/j.edurev.2015.06.001
  • Goodwin, C. (1994). Professional vision. American Anthropologist, 96(May), 606–633.
  • Lee, H. S., & Anderson, J. R. (2013). Student learning: what has instruction got to do with it? Annual Review of Psychology, 64, 445–469. https://doi.org/10.1146/annurev-psych-113011-143833
  • McConville, S. A., & Lane, A. M. (2006). Using on-line video clips to enhance self-efficacy toward dealing with difficult situations among nursing students. Nurse Education Today, 26(3), 200–208. https://doi.org/10.1016/j.nedt.2005.09.024
  • Pianta, R. C., & Hamre, B. K. (2009). Conceptualization, Measurement, and Improvement of Classroom Processes: Standardized Observation Can Leverage Capacity. Educational Researcher, 38(2), 109–119. https://doi.org/10.3102/0013189X09332374
  • Schunk, D. H., & Zimmerman, B. J. (2007). Influencing Children’s Self-Efficacy and Self-Regulation of Reading and Writing Through Modeling. Reading & Writing Quarterly, 23(1), 7–25. https://doi.org/10.1080/10573560600837578
  • Seidel, T., Blomberg, G., & Renkl, A. (2013). Instructional strategies for using video in teacher education. Teaching and Teacher Education, 34, 56–65. https://doi.org/10.1016/j.tate.2013.03.004
  • Seidel, T., & Sturmer, K. (2014). Modeling and Measuring the Structure of Professional Vision in Preservice Teachers. American Educational Research Journal, 51(4). https://doi.org/10.3102/0002831214531321
  • Seidel, T., Farrell, M., Martin, M., Rieß, W., & Renkl, A. (2022). Developing scripted video cases for teacher education: Creating evidence-based practice representations using mock ups. Frontiers in Education (Lausanne), 7. https://doi.org/10.3389/feduc.2022.965498https://doi.org/10.3389/feduc.2022.965498