Faglunsj: 100 år med vern av Vettisfossen i Årdal - om kampen for vern og naturkvalitetane - Inge Kjell Holme

Sogndal, Biblioteket
Time icon
Når:22. mai   11:30
Varer til: 12:15
Legg til i min kalender

Det er naturvern og Vettisfossen i Årdal som er temaet Inge Kjell Holme vil halde føredrag om på denne faglunsjen.

Vettisfossen vart verna i 1924, og var det første fossefallet/vassdraget som vart varig verna i Noreg. Dette var ein milepæl i naturvernkampen etter at fleire andre fossar vart lagde i røyr.

Inge Kjell vil òg vise døme på andre naturområde i Sogn der aktivisme har vore viktig for å hindra at naturperler vart øydelagde av inngrep.
Vi vil dessutan få sjå ein spennande filmsnutt frå ei svært sjeldan og eksklusiv isklatring i Vettisfossen og det som er Nord-Europa sitt høgste fossefall på 275 m!

Inge Kjell Holme har arbeidd i nær 50 år som journalist, primært for NRK. Han har ei rekkje større naturproduksjonar bak seg for Radio og TV. Dessutan har han undervist i mediefag, krisekommunikasjon, og er ei kjend stemme frå NRK Sport og Discovery.