Vil du jobbe i biblioteket?

Er du student ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal? Vi treng nye bibliotekassistentar til hausten.

Arbeidsoppgåver:

  • Utlån og retur av bøker, setje bøker på plass, merke bøker, rydde, kopiere, samt ymse førefallande arbeid i biblioteket.

  • Ei viktig oppgåve er å rettleie medstudentar og tilsette med å søke/finne fram litteratur og informasjon.

Du må vere serviceinnstilt, nøyaktig og sjølvstendig. Du må også beherske munnleg og skriftleg norsk.

Opplæring vert gitt.

Stillingsdel:

Du arbeider 1 ettermiddag i veka frå kl 14:00 til kl 20:00 og kvar 5. laurdag (kl 12:00 – 16:00), og elles ved behov.
Lønn etter Statens lønnsregulativ, st. kode 1078, ltr. 22.

Søknadsfrist: 29.mai 2022

Send søknad med CV og kopi av vitnemål og referansar på e-post til: Maria.Lefdal.Jenssen@hvl.no

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med biblioteket, eller på tlf 57 67 62 17.