Deltidsjobb som studentassistent ved FØS i Sogndal

Vi er på jakt etter deg som er 2. og 3. årsstudent ved bachelorutdanningane eller masterstudent ved Institutt før økonomi og administrasjon i Sogndal.

Om jobben

For å styrke arbeidet med kvalitet i utdanninga sikre godt læringsutbyte, læringsmiljø og studieprogresjon ynskjer institutt for økonomi og administrasjon i Sogndal å tilsette studentassistentar innan føljande emne:

  • Marknadsføring
  • Finansrekneskap med analyse
  • Makroøkonomi
  • Strategi

Arbeidsoppgåver

Marknadsføring

Søker etter 2-4 studentassistentar som skal ha ansvar for seminargruppene i marknadsføring. I seminargruppene skal studentassistentane hjelpe studentane med å løyse ulike typar drøftingsoppgåver og gi enkel rettleiing på skriving. Studentassistentane vil ha møte med faglærar i forkant av seminara der ein snakkar om kva tema ein skal vera spesielt opptatt av på seminara. Det er fint om du har teke andre marknadsføringsemne, men det er ikkje noko krav. Faglærar: Veronika Trengereid

Makroøkonomi

Søker etter 2 studentassistentar som skal ha ansvar oppgåveseminar, og for å rettleie studentar i samband med oppgåveløysing. I tillegg vil du som studentassistent også hjelpe med retting av arbeidskrav, etter løysingsforslag frå faglærar. Arbeidsoppgåvene føreset sjølvstende, men og evne til å samarbeide med andre studentassistentar samt faglærar. Faglærar: Gurid Gjøstein Karevoll

Finansrekneskap med analyse

Søker etter 2-4 studentassistentar som kan ha ansvar for oppgåveseminar to timar pr. veke På oppgåveseminar kan studentane be om hjelp til oppgåveløysing. I tillegg vil du som studentassistent få bistå med retting av arbeidskrav (3 arbeidskrav, ca. 100 studentar, dvs. til saman ca. 300 arbeidskrav) etter nærare instruks frå faglærar. Oppgåve og løysingsforslag vil bli utarbeida av faglærar. Faglærar: Eva Annette Litlabø

Strategi

Søker 2-4 studentassistentar til 5 seminar-dagar over 5 veker der studentane skal jobba i grupper (arbeidskrav) etter gjennomgang av teori og modellar med faglærar i plenum. Du vil som studentassistent gå rundt i gruppene og hjelpe studentane. Det kan også bli aktuelt å delta i evaluering av arbeidskrav. Karakterkrav i Strategi: A eller B. Faglærar: Hildegunn Loftesnes

Arbeidstid, løn og attest

Jobben er løna etter gjeldande lønstrinn for studentassistentar ved HVL. Antal timar vil bli avtalt med faglærar. Du får attest frå HVL etter fullført jobb.

Forventningar til deg:

  • Du har lyst og er motivert til å arbeide med studentar og å bidra til å etablere godt læringsmiljø
  • Du evner å sjå og lytte til dine medstudentar
  • Du kan arbeide sjølvstendig og liker å samarbeide med andre studentar
  • Du er strukturert, og er god til å planleggje, men samtidig fleksibel og kan improvisere
  • Konkrete arbeidsoppgåver vert avtala med utdanningane
  • Du har god innsikt i eige studieprogram og gjennomført emne du søker som studentassistent til med godt resultat.

Søknadsfristen er 13. desember

Du sender ein kort søknad på e-post til programkoordinator Mona Kristin Nytun. Her må du skrive kva emne du søker som studentassistent for, og dersom du ønsker å søke på fleire emne er det fint om du set opp emne i prioritert rekkefølje. Ta gjerne kontakt med faglærar dersom det er konkrete spørsmål i samband med arbeidet som studentassistent.