Innhaldsprodusent til sosiale medium

Er du ein kreativ student som ønskjer ein spennande deltidsjobb? Vil du jobbe i lag med studentar frå andre campusar? Då kan jobben som innhaldsprodusent for sosiale medium vere noko for deg!

Som innhaldsprodusent får du god erfaring i både redaksjonsarbeid, samarbeid og innhaldsproduksjon.

For studieåret 2026/2027 er vi på jakt etter studentar frå campusane våre i Haugesund, Sogndal og Bergen. 

Arbeidsoppgåver

  • Lage og publisere innhald til HVL sine profilar på TikTok og Snapchat.
  • Vere ein del av studentredaksjonen, og delta på digitale, vekentlege redaksjonsmøte.
  • Delta på 1-2 fysiske samlingar i året.
  • Halde deg oppdatert på trendar og funksjonalitet på TikTok og Snapchat.

Passar for deg som 

  • er kreativ og engasjert.
  • har interesse for sosiale medium.
  • trivst foran kamera, og likar å by på deg sjølv.
  • ønskjer å lage gøy og inspirerande innhald.
  • har gode samarbeidsevner.
  • likar å komme i kontakt med nye folk.
  • har interesse for å lære nye ting.
  • har god formidlingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg.

Om stillinga

  • Jobben er timebasert, med ein stillingsdel som tilsvarar ca 15 % (6 timar i veka)
  • Timelønn: 212 kr
  • Utover faste redaksjonsmøte er arbeidstida fleksibel. 
  • Erfaring med innhaldsproduksjon til sosiale medium er ein fordel, men ikkje eit krav. Du vil få opplæring i verktøya og plattformane du skal bruke.  

Slik søker du

Send oss ein kort video der du fortel om deg sjølv, kva og kor du studerer, kva som er motivasjonen din for å bli innhaldsprodusent og om eventuell relevant erfaring. Dersom fila er stor kan du sende den via Filesender eller andre filoverføringstenester.

Send videoen på e-post til some@hvl.no.

Vi har utvida søknadsfristen til onsdag 20. mai.

Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju i løpet av mai. 

Dersom du har spørsmål om stillinga, ta kontakt med SoMe-ansvarleg ved HVL, Tove Takvam Uglum: tove.takvam.uglum@hvl.no.