Skriverettleiarar ved Bibliotekets skrivesenter
Biblioteka ved campus Bergen og Sogndal har ledige studentassistentstillingar som skriverettleiarar. Dersom du trivest i rettleiarrolla og likar å jobbe med tekst er dette rette stillinga for deg.
Me søker erfarne studentar på bachelor- eller masternivå som trivest i studentrolla og gjerne hjelper andre med å oppleve meistring i studiesituasjonen. Skriverettleiing krev at du er interessert i tekst og skriveprosessar, du bør ha erfaring frå eigne skriveprosjekt.
Arbeidsoppgåver:
- Individuell rettleiing på tenesta Skrivehalvtimen
- Administrering av rettleiingstimar
- Fast møte kvar månad med alle skriverettleiarane og lokale kontaktpersonar
- Marknadsføring og synleggjering av Skrivehalvtimen
Stillinga er timelønna og du kan rekne med å arbeide ca 20 timar i månaden. Stillingskoden er 1429 Aspriant.
Arbeidstida er kl 12.30-17.00. Skrivehalvtimen som tilbodet heiter er vanlegvis ope tysdag i Sogndal, onsdag og torsdag i Bergen.
Du vil få opplæring i arbeidsoppgåvene gjennom eit rettleiingskurs, i kurset inngår tema som gode skriveprosessar, godt språk, akademiske konvensjonar for språk og tekst, utfordringar rundt fleirspråklegheit og god rettleiingspraksis. Det vil vera eit skriftleg arbeid tilknytta kurset. Alle delar av opplæringa er lønna.
Søknad med CV og motivasjonsskriv sender de til:
- Bergen: koordinator for Skrivesenteret, Solveig Kavli, Solveig.Kavli@hvl.no og einingsleiar for studiestøtte, Gunhild Austrheim, gunhild.austrheim@hvl.no
- Sogndal: koordinator for Studieverkstaden, Anita Svedal, Anita.Svedal@hvl.no og einingsleiar for studiestøtte, Gunhild Austrheim, gunhild.austrheim@hvl.no