Studentassistent i matematikk for økonomer – campus Haugesund
Handelshøgskulen ved HVL søkjer studentassistent til oppgåveseminar i emnet BØA111 Matematikk for økonomer ved campus Haugesund i haustsemesteret 2026.
Emnet gir studentane eit matematisk grunnlag for vidare studium i økonomi og administrasjon, og legg vekt på å utvikle evna til logisk og analytisk tenking i arbeid med økonomiske problemstillingar.
Arbeidsoppgåver
Studentassistenten skal vere til stades på oppgaveseminar og bidra til å støtte studentane i arbeidet med oppgåver i emnet. Dette inneber mellom anna:
- å rettleie studentar i løysing av oppgåver
- å bidra til fagleg støtte og struktur i oppgaveseminaret
- å samarbeide med fagansvarleg om gjennomføring av seminar
Det er ikkje krav om å halde forelesningar.
Omfang
Stillinga omfattar:
- to oppgaveseminar per veke
- kvart seminar varer i to timar
- totalt fire timar per veke i undervisningsperioden i haustsemesteret 2026
Arbeidstid blir avtalt nærare med fagansvarleg.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer studentar som:
- er student på andre året i bachelorstudiet i økonomi og administrasjon eller tilsvarande studium
- har god kjennskap til innhaldet i emnet BØA111 eller tilsvarande emne
- har oppnådd gode resultat i matematikk eller relaterte fag
- har evne til å forklare fagstoff på ein tydeleg og pedagogisk måte
- er strukturert og samarbeidsvillig
Søknad
Interesserte kandidatar sender søknad på e-post til
Eliana.Ruiz.Martinez@hvl.no.
Søknaden må innehalde:
- kort søknadstekst
- karakterutskrift (må leggjast ved då det blir stilt krav til faglege resultat)
Søknadsfrist: 30. april 2026.
Kontaktperson
For spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med Eliana Ruiz Martinez.