Studentassistent ved Språkverkstad på biblioteket i Haugesund

Hausten 2021 startar biblioteket opp Språkverkstad som eit nytt tenestetilbod. Språkverkstaden er open ein ettermiddag i veka og vil vera ein uformell arena der studentar kan få hjelp frå medstudentar med å meistre norsk språk i studiekvardagen. Me ønskjer å tilsette to studentassistentar som vertskap til språkverkstaden.

Arbeidsoppgåver:

  • Hjelpe medstudentar med praktiske språkutfordringar. Dette kan gjelde t.d. å forstå oppgåvetekstar og tilbakemeldingar frå lærar, eller hjelp med utfordringar knytt til språk og tekst i kvardagen.
  • Sørge for eit triveleg miljø der det er låg terskel for å stille spørsmål.
  • Ha ansvar for lokale og utstyr, også ordne med enkel servering og rydde opp i etterkant.
  • Arbeide aktivt for å synleggjere tilbodet til medstudentar gjennom t.d. sosiale medier, eige nettverk eller klasse.

Kvalifikasjonar:

Me søker erfarne studentar på bachelor- eller masternivå som trivst studentrolla og gjerne hjelper andre å oppleve meistring i studiesituasjonen.

Du er interessert i språk, både norsk og andre språk, er sosial og glad i gode samtalar. Du likar læring i uformelle samanhengar og er organisert og ansvarsfull. 

Arbeidstid og lønn:

Du arbeider ca. 5 timar i veka frå oktober til midt i desember. Arbeidstida kan tilpassast din eigen situasjon, men du må rekne med å arbeide noko på ettermiddags- eller kveldstid.

 Opplæring er lønna og vil skje etter tilsetting.

Tilbodet om språkverkstad vil vonaleg bli vidareført våren 2022.

Studentassistent er lønna i ltr. 35, ca 185 kroner i timen.

Søknadsfrist 15. oktober. I søknaden må du skrive om motivasjonen din  for å søke stillinga og legge ved oppdatert cv.

Søknadane vil bli vurdert av einingsleiar for studiestøtte ved biblioteket, Gunhild Austrheim, e-post gau@hvl.no og tlf 55 58 56 69. Spørsmål om stillingane kan rettast til ho. I intervjua vil også lokal kontaktperson frå biblioteket i Haugesund delta.