Studentassistenter ved HVL IT
IT søkjer etter 8 studentar i Bergen.
Om stillingane
Det er ledig 8 stillingar som studentassistent ved IT for perioden 08.2026 til 06.2027. Oppstart skjer etter avtale. Stillingane er timeløna og utgjer om lag 7 timar per veke i semesteret. Vi vurderer søknader fortløpande.
Stillingane er fordelte på to ulike roller:
- 5 stillingar som AV-studentassistent
- 3 stillingar som studentassistent for IT-hjelp til studentar
Som studentassistent ved IT får du høve til å bidra til betre IT- og AV-støtte på campus Bergen. Du blir ein del av eit praktisk og brukarorientert miljø, der du får erfaring med teknologiske løysingar, service og problemløysing i møte med studentar og tilsette.
Felles opplæring vil bli gitt før oppstart i stillinga.
Stillinga gir relevant arbeidserfaring, løn og kompetanse som er etterspurd i arbeidslivet, og vil vere eit godt tilskot til CV-en.
Studentassistent for IT-hjelp til studentar
Denne rolla handlar i hovudsak om å gi praktisk IT-støtte til medstudentar ved campus Bergen.
Ansvarsområde
- IT-støtte til studentar
- Bidra til god og tilgjengeleg brukarstøtte på campus
Arbeidsoppgåver
- Gi IT-støtte til medstudentar
- Hjelpe med oppsett av WiFi
- Hjelpe med installasjon og bruk av programvare
- Gi enkel opplæring i relevante program
- Svare på spørsmål knytt til Microsoft 365/Office-pakken og andre tekniske spørsmål
AV-studentassistent
Denne rolla er retta mot støtte til bruk av lyd- og videoutstyr i undervisningsrom, møterom og andre relevante areal på campus Bergen. Arbeidet vil i større grad vere knytt til hjelp for tilsette, særleg ved oppstart av undervisningsøkter og bruk av videokonferanseutstyr.
Ansvarsområde
- AV-støtte i undervisningsrom og møterom
- Praktisk hjelp til tilsette ved bruk av teknisk utstyr
- Bidra til trygg og stabil gjennomføring av undervisning og møteaktivitet
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe tilsette med oppstart av undervisningsøkter
- Gi støtte ved bruk av lyd- og videoutstyr
- Hjelpe med videokonferansar og digitale møte
- Kontrollere og klargjere AV-utstyr i undervisningsrom
- Melde vidare feil eller behov for teknisk oppfølging til IT/AV-personell
Kvalifikasjonar
- Bachelor- eller masterstudentar ved HVL kan søkje på stillinga.
- Interesse for teknologi, forbetring og kundeservice.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, eventuelt eit anna skandinavisk språk, og engelsk.
Ønskte kvalifikasjonar
- Du har lyst til og er motivert for å arbeide med teknologi og formidling.
- Du evnar å lære deg ny teknologi.
- Du kan arbeide sjølvstendig og likar å samarbeide med andre.
- Du er strukturert og god til å planleggje, men samtidig fleksibel og har evne til å improvisere.
- Du har ordenssans og arbeider systematisk.
Personlege eigenskapar
- Motivert
- Kreativ
- Initiativrik
- Sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
Lønsvilkår
Studentassistentar får timeløn. Satsane er som følgjer:
Studentassistentar utan fullført grad: kr 200
Studentassistentar med påbegynt bachelor: kr 228
Studentassistentar med påbegynt master: kr 246
Studentassistentar med fullført master: kr 279
Som studentassistent vil du få nødvendig opplæring i arbeidsoppgåvene. Opplæringa er betalt.
Korleis søkje på stillingane
Søknad med CV sender du til vea@hvl.no.
Søknadene blir behandla av einingsleiar Vegard Anuglen. Spørsmål om stillingane kan rettast til vea@hvl.no.
Endeleg søknadsfrist er 15. august 2026, men vi vurderer søknader fortløpande frå 27. mai 2026.