Vil du jobbe i biblioteket?

Er du student ved Høgskulen på Vestlandet, campus Førde? Har du lyst på ein jobb som er fin å kombinere med studiar? Campusbiblioteket Førde treng nye studentvakter!

Arbeidsoppgåver:

  • Utlån og retur av bøker, setje bøker på plass, gjere bøker og tidsskrift klare til utlån
  • Rydde i lokalet og samlinga
  • Hjelpe med utskrift og kopiering av dokument
  • Rettleiie medstudentar og tilsette med å søke/finne fram litteratur og informasjon
  • Ymse førefallande arbeid i biblioteket

Du må vere serviceinnstilt, nøyaktig og sjølvstendig. Du må også beherske norsk muntleg og skriftleg. Det er ein fordel om du kan litt engelsk. I tillegg må du vere student ved HVL Førde.

All naudsynt opplæring vert gitt.

Stillingsdel:

Du arbeider 2 ettermiddagar i veka frå kl. 15.00 til 18.00, og elles ved behov.

Lønn etter Statens lønnsregulativ, st. kode 1078, som tilsvarar timeløn på 210 kr.

Søknadsfrist: 21. august 2026

Send søknad med CV og kopi av vitnemål og referanser på e-post til: Anna.Sambor@hvl.no

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med biblioteket på bib.forde@hvl.no, e-post-adressen over eller på tlf 57 67 60 90.