Bli betre kjent med Høgskulen på Vestlandet

Hjå oss jobbar studentar og tilsette i lag for å skape eit godt læringsmiljø for alle. Kanskje du vil bli ein av oss? Sjekk ut studietilbodet vårt og dei ledige stillingane ved høgskulen!

Vi er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 16 000 studentar fordelt på våre fem campusar i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord.

Høgskulen på Vestlandet såg dagens lys 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og maritime fag, lærar- og musikkutdanning, idrett, friluftsliv og folkehelse, natur- og samfunnsfag og økonomi og leiing. Kvart år uteksaminerer vi 2700 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver innanfor desse fagområda.