Helsing frå Arnstein Menes, ordførar Sogndal kommune
Som tidlegare Studiesjef Terje Bjelle skriv i rapporten «Om tre små studiestader i Norge», var etableringa av høgskulen i kommunen vår ein suksess. Dei 3000 studentane som til ei kvar tid oppheld seg i Sogndal er ei utruleg god marknadsføring av bygdi og kommunen vår.
Me føler verkeleg at HVL har teke godt vare på eigenarten til vår studiestad i utviklinga av ein samla høgskule. Som kommune har me svært god kontakt med mange ulike ledd i organisasjonen, men vil spesielt peike på dei positive grepa ein no gjer for å styrke perspektiva med regional utvikling. Campusutvikling er etter vår meining avgjerande for å lukkast i tida som kjem.
Utdanningstilbodet ved HVL har vore, og er, avgjerande for at me er ein av kommunane i landet med dei lysaste framtidsutsiktene. Me ynskjer å samspela om utvikling av ny kunnskap og gratulerer 5 åringen so mykje med dagen!