Helsing frå Gaute Epland, ordførar i Stord kommune

Det er smått utruleg at det allereie er fem år sidan etableringa av HVL. HVL er eit ambisiøst prosjekt, som eg er overtydd vil vera enormt viktig for å byggja saman og styrka Vestlandet i tida framover.

For Stord og Sunnhordland er det å ha ein høgskule avgjerande viktig. Den sikrar kommunane og næringslivet tilgang på kompetanse og arbeidskraft, og er i seg sjølv ein viktig kompetansearbeidsplass som gjer det meir attraktivt å bu her.

Samarbeidet mellom kommunen og høgskulen er godt, og eg ser veldig fram til vidare samarbeid for utvikling av Campus Stord og til snart å verta ordførar i ein universitetsby