Helsing frå Jenny Følling, ordførar Sunnfjord kommune

HVL har vore heilt avgjerande for å utdanne arbeidskraft og skaffe kompetanse til næringslivet, kommunar og til dei offentlege institusjonane. HVL er blitt ein sterk utdanningsinstitusjon på Vestlandet og vil vere avgjerande for at vi kan utdanne våre ungdommar lokalt. Sunnfjord kommune ynskjer å ha eit godt samarbeid med HVL framover. Ein godt utdanna befolkning er ein av dei viktig faktorane for å få til vekst og utvikling!