MarinLab

MarinLab er eit skipsmodell-laboratorium på vår campus i Bergen. Dette er eit toppmoderne laboratorium som blir brukt til undervisning, studentprosjekt og forsking i samarbeid med industrien.

Om MarinLab

MarinLab har eit tverrsnitt på 50 x 3 x 2,2 m. Laboratoriet er utstyrt med ei fullautomatisert bølgemaskin frå Edinburgh Design og ei slepevogn som har ei maksimal hastigheit på 5 m/s.

MarinLab blir hovudsakleg brukt til teste ut stabilitet på fartøy og måling av motstand i vatn. Dei siste åra har laboratoriet i aukande grad også blitt brukt til bevegelsestesting. Ved hjelp av kamera blir flytande gjenstandar, som fartøy og installasjonar for fornybar energi, testa. I tillegg kan den nye slepevogna brukast til å utføre motstandstesting på tidevatnturbinar, undervassfarkostar og tunge (asymmetriske) strukturar, som til dømes oppdrettsanlegg og nedsenkbare plattformstrukturar (jackets).

Ein passande modellskala er typisk 1:50 eller 1:100. Du finn meir teknisk informasjon i lenkene under, eller ta kontakt med oss for å diskutere mogleg bruk av anlegget til di eiga forsking.

Utdanning

MarinLab blir brukt til undervisning i følgande emne ved HVL:

  • Hydrostatikk og stabilitet (MAS124)

  •  Hydrodynamikk (MAS116)

  •  Introduksjon til havmiljøet (HTEK101)

  • Marintekniske eksperimentelle metoder (MAS304)

  • Fornybar havenergi (MAS312)

Studentar ved Institutt for maskin- og marinfag har moglegheit til å bruke MarinLab som ein del av sine avsluttande bacheloroppgåver (MAS153).

Kontakt oss!

Førsteamanuensis
Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

 

Førsteamanuensis
Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

 

Førsteamanuensis
Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

Følg MarinLab på Instagram


MarinLab

Har du spørsmål? Send oss gjerne en e-post:

marinlab@hvl.no