Miljøfyrtårn

Alle fem campusane til HVL er Miljøfyrtårn-sertifiserte. Det betyr at vi har ein plan for korleis vi skal tilfredsstille meir enn 70 ulike kriterium for grøn omstilling og miljøleiing.

Miljøfyrtårn.png

Miljøfyrtårn er landets mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentere  miljøinnsatsen sin og vise samfunnsansvar.

HVL er Miljøfyrtårn-sertifisert og det betyr det at vi har ein plan for korleis vi skal tilfredsstille meir enn 70 ulike kriterium for grøn omstilling og miljøleiing. Ved HVL er det det desse hovudkriteria vi blir målte på:

  • Arbeidsmiljø
  • Avfallshandtering
  • Energibruk
  • Innkjøp
  • Transport
  • Laboratorium-verksemd
  • Bibliotekdrifta
  • Idrettsanlegg

HVL har berekraft som ein av tre hovudverdiar i strategien og derfor er det eit strategisk viktig arbeid som blir lagt ned kvar dag for stadig å bli betre på miljø og klima på alle våre fem campusane.

Det er ei forventning hos stadig fleire i samfunnet at verksemdene dei nyttar, eller jobbar for, er berekraftige. Og det er også viktig for våre studentar, for unge som vurderer å søkje studieplass ved HVL, for våre tilsette og for samarbeidspartnarane våre at HVL leverer på dette.

Miljøfyrtårn-sertifiseringa er først og fremst eit verktøy for HVL til å hjelpe oss med omstilling og miljøleiing. No skal vi arbeide målretta og hardt for å oppnå gode resultat fram til resertifisering som skjer kvart tredje år.

Klima- og miljørapportar

 

bilde av Siri Smith

Siri Smith

Klima- og berekraftkoordinator ved HVL