Markerte 22. juli i Stryn

I samband med 12-års minnemarkeringa for 22. juli la varaordførar Torstein Tvinnereim i Stryn kommune ned blomar og framførde følgjande helsing på vegner av Høgskulen på Vestlandet ved minnesmerket i Betaniaparken.


Hanne Kristine Fridtun var student ved sjukepleieutdanninga i Førde då ho vart teken av dage på Utøya. Ho sikta mot eit yrke med pleie og omsorg for menneske. Ugjerningane 22. juli 2011 og tapet av Hanne Kristine er ein del av Høgskulen på Vestlandet sitt grunnlag.

Universitet og høgskular har eit særleg ansvar for å sjå til at unge menneske får danning og utdanning som byggjer på vitskap og den beste kunnskapen. Det er i danning og utdanning av studentane at det aller viktigaste arbeidet vårt for framtida vert gjort. Kvart år kjem fleire tusen nye kunnskapsrike kandidatar ut i norsk samfunns- og arbeidsliv.

I dag går tankar, respekt og omsorg til alle dei som vart råka av ugjerningane til terroristen.

I dag og i alle dagar som kjem vil me gjera vårt for utdanning og danning av menneske, for eit opplyst og demokratisk samfunn, i eit Noreg der alle kan leva gode og frie liv, i eit Noreg som tek internasjonalt ansvar.

Vi vil skapa kunnskap som byggjer menneske og samfunn.

Vi lyser fred over minnet til offera for terrorhandlingane.

Vi vil aldri gløyma.