Gir leksehjelp til 10. klassingar

Fleire gonger i veka frå klokka 17–19 helsar HVL-studentane Mohammed Al-Ali, Marie Eide, Ariam Dawit Woldu og Samuel Lee ved campus Bergen velkommen til grunnskuleelevar på 10. trinn som vil styrka seg innanfor matematikk og realfag.

Kvartetten fortel at elevane vert sett i grupper og får rettleiing under samlingane.

Denne fine ordninga som HVL er ein del av finn me i ENT3R; eit gratis tilbod om leksehjelp for elevar på 10. trinn og i vidaregåande skule og er eit tiltak i regi av Nasjonalt senter for realfagsrekruttering.

Den korte stunda eg stod der saman med studentane, strøymde det på me skuleelevar. Det lovar godt. Lukka til med viktig arbeid!